- Vi er Noregs vestlegaste lokallag og kanskje også det aller minste, med våre 11 medlemar, seier Anne Marie Gåsvær Færøy. Ho er leiar i Solund Bondelag, i den lille øykommunen med rundt 800 innbyggjarar.

Solund har eit typisk kystlandbruk kor det tradisjonelt har blitt drive med sau. Mange har gått over til utegangarsau, men det er også to mjølkebruk, ammeku og høns der ute. I eldre tid dreiv bøndene kombinasjonsbruk med fiske, og det er nokre få igjen av dei endå.

Jobbar for betre infrastruktur

- Vi er avhengig av båt og ferje, både for å frakte folk, dyr og fôr. Vi treng ferje for å komme oss til fastlandet, og dyra blir av nokre  bønder frakta med båt fram til dyrebilen når dei skal sendast til slakt. Vi får også kraftfôret vårt levert med båt, fortel ho.

Infrastruktur er også ein av dei tinga lokallaget har engasjert seg i.

- Vi har vedtatt å gje litt støtte til å utvikle meir fiber og breiband i kommunen. Det er viktig for alt næringsliv og ikkje minst for dei som driv gard, å ha god kommunikasjon. Det er utfordrande å byggje ut slike tenester i små kommunar, sidan folk bur spreidd, og fleire må vere med og putte i potten for å få det til. Ein forventar godt utbygd nett og mobilsamband alle stader i dag , seier Færøy.

Arrangerer kurs i lag med andre

- Laget er ikkje så veldig aktivt, men vi er framleis oppegåande. Når vi er så få, er det viktig å finne gode samarbeidspartnarar. Vi har mellom anna arrangert HMS-kurs i lag med Norsk Landbruksrådgivning, og vi prøver å bruke litt pengar på å sponse deltakinga  på slike kurs, då det normalt er få kursdeltakarar.  Og det er fint for oss å vere del av fellesskapen i fylkeslaget, seier Færøy.

Det vesle lokallaget har fleire gonger vurdert om dei skal slå seg i hop med andre lokallag, men dei har bestemt seg for å halde fram litt til. Med stor avstand til næraste aktuelle lokallag å slå seg saman med, vil det  bety mindre aktivitet blant medlemane i Solund enn dagens nivå.

- Vi er ikkje flinke til å delta aktivt i aksjonar som bondelaget sentralt arrangerar, men eit lokallag i utkanten kan fint vere med å aksjonere og dele kunnskap om landbruk via digitale flater, seier Anne Marie Gåsvær Færøy i Noregs vestlegaste bondelag.