I tillegg har vi i Noreg strenge regelverk for bruk av plantevernmiddel. Resultatet er rein frukt og reine grønsaker, og det lågaste forbruket av plantevernmiddel i heile Europa.

Plantehelse i verdstoppen

Alle forbrukarar skal ha tilgang til trygg mat av høg kvalitet. Dei skal vite at maten er sunn og  næringsrik, og dei skal kunne vite korleis maten har blitt produsert. Norsk plante- og dyrehelse er i verdstoppen. Det er viktig for Norges Bondelag at dette blir bevart og vidareutvikla. Bonden skal tenkje på førebygging og alternative metodar, framfor bruk av kjemiske middel.

Oversiktleg verdikjede

I Noreg produserer vi mat på små og store bruk fordelt over heile landet. Vi har ei oversiktleg verdikjede frå jord til bord, frå jorda blir bearbeidd, til den ferdige råvaren blir foredla i norske næringsmiddelbedrifter og kjem ut til forbrukar. Det gjer det også mogleg å stille krav til restriktiv bruk av plantevernmiddel og til å etterprøve at krava blir følgd i praksis. All bruk av plantevernmiddel skal dokumenterast. Det skal alltid vurderes alternativer til kjemiske middel og dei skal ikkje brukast førebyggjande. Blir kjemiske middel valt skal det grunngjevast. Bonden er pålagt å føre all bruk av plantevern i eigen journal.   

Obligatorisk sprøytesertifikat

I Noreg har vi lite matjord. Berre 3 prosent av det samla arealet er dyrka mark. Om lag 31 prosent av dette arealet blir brukt til kornproduksjon og rundt 5 prosent til produksjon av frukt, grønt, bær, oljevekstar, erter, urter og potet. God jord og god agronomi dannar grunnlag for gode avlingar. Kunnskap om plantevernmiddel er også viktig. Alle som skal kunne kjøpe og bruke plantevernmiddel i Noreg må ha eit autorisasjonsbevis, eit såkalla sprøytesertifikat. For å få dette beviset må bonden gjennomføre eit kurs og bestå ein eksamen. Det er Mattilsynet som godkjenner plantevernmiddel i Noreg, og dei tar kvart år ut prøver for å sjå at det ikkje er ulovlege restmengder av plantevernmiddel i matvarar som skal seljast til norske forbrukarar.

 

Norges Bondelag meiner

  • Matproduksjon i Noreg skal framleis skje med restriktiv bruk av plantevernmiddel
  • Det er viktig å nedkjempe og førebygge  sjukdom og smitte i innanlandsk produksjon og ved import av plantar.
  • Ei god plantehelse i Noreg er eit viktig konkurransefortrinn for norsk jordbruksproduksjon. Geografi, klima og gode overvakings- og kontrolltiltak er viktige årsaker til at Noreg er fri for fleire alvorlege skadegjerarar på plantar.