Eksportstøtte
Eksporten av landbruksprodukt frå Noreg til utlandet blir i dag støtta med om lag 130 millionar kroner årleg.
Norsk eksportstøtte går i hovudsak til ein høgt betalande marknad i land som USA og Australia og er betalt av næringa sjølv gjennom prisutjamningsordninga for mjølk (PU-ordninga). Ein stor del av eksportstøtta går til eksport av Jarlsbergost.
Jarlsberg blir eksportert til EU, USA/Canada og Australia, og er ein populær norsk merkevare. I tillegg blir osten produsert i USA og på lisens i Irland. Den norske eksportstøtta har ikkje effekt for lokal matproduksjon i utviklingsland. 25 prosent av Jarlsbergosten som blir selt i utlandet er produsert i Noreg.
I 2015 vart WTO samd om ei avtale som inneber utfasing av norsk eksportstøtte innan utgangen av 2020. Dette vart seinare også vedtatt av Stortinget, gjennom den allereie framlagde Globaliseringsmeldinga. Dette vil få store konsekvensar for norsk mjølkeproduksjon.
Når eksportstøtta blir fjerna, blir eit mjølkevolum på 130 millionar liter mjølk utan marknad. Det utgjer åtte prosent av norsk mjølkeproduksjon, noko som tilsvarar all mjølkeproduksjonen i Vest-Agder, Aust-Agder, Telemark, Buskerud, Vestfold og Akershus/Oslo. Mjølkeproduksjonen er ein berebjelke i norsk landbruk og heilt avgjerande for å ha eit landbruk over heile landet. Utan eksportstøtta risikerer kvart ellevte mjølkebruk å måtte leggje ned. Norges Bondelag jobbar for å få avbøtande tiltak for bortfallet av eksportstøtta.
Norges Bondelag meiner:
- Med fjerning av eksportstøtta blir 8 prosent av marknadsgrunnlaget for norsk mjølkeproduksjon fjerna. Vi er avhengig av avbøtande tiltak for å hindre dei verste konsekvensane
- Regjeringa må over statsbudsjettet kompensere for tapet mjølkebøndene får, og styrke konkurransekraften til norske mjølkeprodukt i marknaden.
- Det er også viktig at regjeringa brukar moglegheiten til å sikre norsk mjølkeproduksjon ved å ikkje gje konsesjonar til EU under forhandlingane om handel med landbruksvarer
- Det er ein dårleg balanse mellom ulike former for eksportstøtte. Mens den norske eksportstøtta som ikkje har effekt på u-landsmarknadene blir fasa ut, blir andre former for eksportstøtte som kan ha større innverkna på desse marknadene, som til dømes eksportkredittar, oppretthalde. Norge Bondelag vil jobbe for betre balanse mellom dei ulike ordningane for eksportstøtte.