Bad EU-ministeren stå på krava
- Det er uklokt å gi ifrå seg norsk verdiskaping og arbeidsplassar over forhandlingsbordet, sa Norges Bondelag til EU-ministeren i møte i dag.
- Varer til ein verdi av 40 mrd blir importert frå EU
- Importen av landbruksvarer til Noreg er i dag meir enn tre gonger så stor som i 2000
- Importen frå EU er 6 gonger så stor som norsk eksport til EU.
Artikkel 19-forhandlingane mellom Noreg og EU om import av landbruksvarer har pågått lengje og er no inne i ein avgjerande fase. I dag hadde Norges Bondelag møte med EU-minister Frank Bakke-Jensen for å fortelje statsråden kor viktig importvernet er for norsk matproduksjon.
- Importvernet er det mest sentrale rammeverket for norsk produksjon. 80 prosent av landbruksprodukta kjem inn tollfritt, men dei produkta vi har føresetnader for å produsere sjølv i Noreg treng vi ekstra vern for. Det er for å utjamne dei konkurranseulempene vi har her i landet som følgje av klima, geografi, avstandar og kostnadsnivå, seier generalsekretær Per Skorge i Norges Bondelag.
Viktig for heile verdikjeda
Eit sterkt importvern er ikkje berre viktig for norske bønder. Ei heil verdikjede er avhengig av dette. Og det er viktigare enn nokon gong, når eksportstøtta til Jarlsbergosten blir fasa ut. Det understreka Norges Bondelag overfor EU-ministeren i dag.
- Utfasinga av eksportstøtta innan 2020 gjer at om lag 8 prosent av den norske mjølkeproduksjonen blir overflødig. Det gjer situasjonen ekstra krevande, seier Per Skorge.
Dobla import dei siste 10 åra
Dei ti siste åra har importen av landbruksvarer frå EU til Noreg blitt dobla. Berre i fjor gjekk verdien av osteimporten opp med rundt 8 prosent. Det er ein auke tilsvarande all mjølka frå 40-50 norske gjennomsnittsbruk.
- Ei ytterlegare kvoteauke kan få stor betydning for norske arbeidsplassar og norsk produksjon. Vi ser at det i tillegg kjem mykje import på toppen av kvotane som blir gitt til EU, seier Per Skorge.
- Landbruket er svært viktig for norsk næringsliv og norske arbeidsplassar, særleg i distrikta. Det er rundt 90.000 arbeidsplassar i landbruket og matindustrien. I tillegg kjem ringverknadene i andre sektorar. Gir vi ifrå oss importkvotar, gir vi samtidig ifrå oss norsk verdiskaping og arbeidsplassar, understrekar han.
Godt møte
EU-minister Frank Bakke-Jensen fortalde at han i møte med EU-ambassadørane hadde framheva at det var utfordrande å gi auka kvotar når Noreg no skal fase ut eksportstubsidiane, og det gav Norges Bondelag han ros for.
- Eg opplever at statsråden har forståing for synspunkta våre og for kva landbruket har å seie for norsk verdiskaping. Vi krev at dette også viser seg att i sluttresultatet av forhandlingane, avsluttar Per Skorge.