Importvern

Importvernet er ein føresetnad for matproduksjon i heile Noreg.
- Noreg importere landbruksvarer til ein verdi av 118 mrd kroner årleg.
- Varer til ein verdi av 40 mrd blir importert frå EU
- Importen av landbruksvarer til Noreg er i dag på 118 mrd kroner. Det er meir enn sju gonger større enn i år 2000.
- Importen frå EU er 7 gonger så stor som norsk eksport til EU.
Norsk landbruk har mange fortrinn. Vi produserer mat på relativt små gardar over heile landet, har små og spreidde besetningar med lite smittepress, og vi brukar mindre antibiotika og sprøytemiddel enn bønder i andre land. Norsk landbruk er i verdsklasse på dyrevelferd og dyrehelse, dyra våre beitar på nokre av verdas beste beite og bidrar på den måten til å halde landskapet ope. Norsk mat er trygg.
Norsk mat kostar meir å produsere
Men på same tid er det er dyrare å ha eit landbruk i Noreg enn i andre delar av verda. Derfor har vi eit importvern for å utjamne kostnadsforskjellane mellom eigen matproduksjon og produksjonen i dei store eksportlanda. Dei fleste land i verda har eit importvern. For norsk landbruk sin del er importvernet heilt avgjerande for å sikre norsk produksjon av matvarer vi har gode føresetnader for å produsere sjølv, som mjølk, kjøtt og potet. Varer vi ikkje lager sjølv i Noreg kan importerast utan toll, som til dømes bananar.
Vi har eit importvern for å utjamne kostnadsforskjellane mellom eigen matproduksjon og produksjonen i dei store eksportlanda.
I Noreg importerer vi allereie over 50 prosent av den maten vi et. Norske bønder og mat- og drikkeindustrien sysselset rundt 80 000 personer over heile landet. I tillegg kjem ringverknader i tilliggande næringar som leverer tenester til bønder og industri. Mat- og drikkeindustrien er mellom dei største landbaserte industriane i Noreg med ei omsetning på over 200 milliardar kroner og nesten 2900 bedrifter (i 2022). Eit velfungerande importvern er viktig også for å oppretthalde produksjonsleddet
Samla produksjonsverdi er på om lag 150 milliardar kroner. Eit velfungerande importvern er viktig også for å oppretthalde produksjonsleddet.
Stor andel import
Importen av landbruksvarer til Noreg er i dag på 118 mrd kroner (2024). Det er meir enn sju gonger større enn i år 2000. Over 70 milliardar av dette kjem frå EU. Vi importerter for 40 milliardar kroner kvart år frå EU.
Eksporten av norske landbruksprodukt var i 2024 på vel 18 milliardar kroner, rundt 10 milliardar av dette gjekk til EU. Handelsbalansen med EU har gått frå minus 8,4 milliardar kroner i år 2000 til minus 62 milliardar kroner i 2024.
Våren 2017 inngjekk Noreg og EU ei ny avtale om handel innanfor artikkel 19 i EØS-avtalen. Avtala innebar ein auke i ostekvota på 1200 tonn og 1600 tonn meir storfékjøt. Dette tilsvarer mjølkeproduksjonen på 70 gjennomsnittlege mjølkebruk og 100 millionar kroner i tapt verdiskaping for norsk storfékjøtproduksjon. I tillegg kom auka import av blomar og frukt og grønt.
Verdas Handelsorganisasjon (WTO) regulerer også norsk importvern. Forhandlingane om ei ny WTO-avtale har pågått sidan 2001 (den såkalla Doha-runda). Resultatet kan bli redusert importvern, og reduserte moglegheiter for støtte. WTO gir samtidig rett til å bruke fastsette tollsatsar og velje mellom prosent- og kronetoll.
Gjennom EFTA inngår Noreg fleire handelsavtaler. Dette legg stadig sterkare press på norsk importvern. EFTA er mellom verdas største frihandelsnettverk, med over 30 handelsavtaler. Mellom landa EFTA har forhandla avtale med i det siste er India, Thailand, Kosovo og den latin-amerikanske handelsblokka Mercosur, samt ei oppdatering av handelsavtala med Ukraina. Norges Bondelag er særleg uroa over forhandlingane med Mercosur, som inkluderer verdsleiande eksportørar av landbruksprodukt. Noreg forhandlar også bilaterale, altså tosidige avtaler, mellom anna er ein i forhandlingar Kina.
For meir utfyllande informasjon om handelsavtaler: Toll og import - Landbruksdirektoratet
Norges Bondelag meiner:
- Importvernet er ein avgjerande føresetnad for å nå det politiske målet om auka matproduksjon på norske ressursar.
- Det er ikkje rom for auka importkvoter og redusert tollvern inn til Noreg
- Kvoteauke og redusert toll frå EU-marknaden inn til Noreg undergrev norsk landbruksproduksjon. Dette må bli kompensert.
- Regjeringa må ikkje ”selje ut” norsk landbruk i forhandlingar gjennom EFTA eller bilaterale avtaler
- Ei eventuell ny WTO-avtale må gi handlingsrom for auka norsk matproduksjon med ein variert produksjon over heile landet