Norsk landbruk har mange fortrinn. Vi produserer mat på relativt små gardar over heile landet, har små og spreidde besetningar med lite smittepress, og vi brukar mindre antibiotika og sprøytemiddel enn bønder i andre land. Norsk landbruk er i verdsklasse på dyrevelferd og dyrehelse, dyra våre beitar på nokre av verdas beste beite og bidrar på den måten til å halde landskapet ope. Norsk mat er trygg.

Men på same tid er det dyrare å ha eit landbruk i Noreg enn i andre delar av verda, og kostnadsnivået generelt er høgare. Derfor har vi eit importvern for å utjamne kostnadsforskjellane mellom eigen matproduksjon og produksjonen i dei store eksportlanda. Dei fleste land i verda har eit importvern. For norsk landbruk sin del er importvernet heilt avgjerande for å sikre norsk produksjon av matvarer vi har gode føresetnader for å produsere sjølv, som mjølk, kjøtt og potet. Det sikrar ikkje berre ein marknad for varene vi produserer, men det opprettheld også arbeidsplassane og verdiskapinga i matindustrien. Denne industrien sysselset om lag 90.000 personar og har ein omsetning på 156 millionar kroner årleg.

Like før sommaren avslutta den norske regjeringa og EU forhandlingane om artikkel 19 i EØS-avtalen. Artikkelen omhandlar handelen mellom EU og Noreg med basis landbruksvarar som ost, kjøtt, frukt og grønt. Intensjonen med avtalen er at han skal vere gjensidig fordelaktig for avtalepartane. I praksis er handelen mellom EU og Noreg på landbruksvarar svært ubalansert. Importen av landbruksvarer til Noreg er i dag meir enn tre gonger så stor som i 2000, og utgjer no nesten 60 milliardar kroner årleg. Vi importerter for 40 milliardar kroner kvart år frå EU.

Kva meiner partia om importvernet?

  • Raudt «vil ha et importvern som gjør det lønnsomt å produsere mat på norske areal- og fôrressurser i hele landet».
  • SV «vil arbeide for et sterkt norsk grensevern. Matproduksjon over hele landet skal ikke bli utkonkurrert av billig mat produsert under forhold langt under norsk standard for dyrevelferd og medisin- og giftbruk.»
  • Arbeidarpartiet meiner at «landbruk over hele landet forutsetter også et sterkt importvern. Det er avgjørende for å øke matproduksjon basert på norske ressurser».
  • Senterpartiet meiner at «importvernet for jordbruksvarer er avgjørende for å ha et norsk jordbruksvaremarked.»
  • KrF vil «arbeide for å gi norsk landbruk forutsigbare rammer og opprettholde norsk matvareproduksjon, samtidig som vi vil åpne for økt handel med utviklingsland. Dette kan gjøres med å redusere import fra rike, vestlige land.»
  • MDG vil «sikre rimelige inntekter til bøndene, hovedsakelig finansiert ved prisen på produktene ved et sterkt tollvern. Utnytte handlingsrommet i tollvernet bedre slik at norske bønder sikres rimelig betaling for produktene».
  • Venstre omtaler ikkje importvernet i sitt partiprogram, men støtta at «ostetollen» kom i 2013.
  • Høgre omtaler ikkje importvernet direkte i sitt partiprogram, men «Høyres politikk er å ruste norsk jordbruk best mulig for økt konkurranse med internasjonale aktører».
  • FrP meiner at formålet med landbrukspolitikken skal vere «en kostnadseffektiv matproduksjon». I partiprogrammet står det også at FrP «vil åpne for tilgang til internasjonale markeder gjennom frihandelsavtale. Bonden skal kunne bruke de mulighetene et friere matmarked og handel gir. Vi må bruke tiden frem til et nytt system for internasjonal handel med matvarer er på plass, til å styrke konkurranseevnen til norske matprodusenter.»

I den felles regjeringsplattforma til Høgre og FrP står følgjande: «Et importvern er viktig for lønnsomheten i norsk landbruk, men hensynet til norske forbrukere og norsk matvareindustri tilsier at tollmurene bør reduseres.»

I juni vedtok eit stortingsfleirtal med Høgre, FrP, Arbeidarpartiet, Venstre og KrF ein ny avtale med EU, der tollfrikvota for ost frå EU til Noreg vart auka med 1200 tonn og den tollfrie kvota for kjøtt vart auka med 2550 tonn.