- Vi har hatt ein fast tradisjon i mange år at vi møtast ein kveld før jul for å bake kransekake. Han eine i lokallaget kjøper inn ingrediensar og mel opp mandlane på førehand, så alt er klart når vi kjem. Og då blir det ei kransekake til kvar, fortel Tom Løland som er leiar i Birkenes Bondelag.

Det er vanlegvis berre mannfolka i lokallaget som møter opp på kransekakebakinga, men i år var det også ei dame med.

- Det er alltid nokre kransekakeringar som blir øydelagt, så då sitt vi og et kake og kosar oss utover kvelden. Og om vi ikkje har noko svinn, lager vi svinn. Den faste bakekvelden er mest av alt ein sosial kveld, seier han.

Flaumråka

Det er ikkje berre kakebaking som opptar lokallaget i kommunen i Aust-Agder. Denne hausten har vore prega av flaum.

- Birkenes er ein av kommunane som vart hardast råka av flaumen, og denne hausten har vi hatt både kongen og leiaren i Bondelaget på besøk på jorda våre. Etter flaumen har vi arrangert ryddedugnader på elva for å plukke opp rundballplast og rundballar som gjekk med elva under flaumen. Eg trur folk i bygda sett pris på at vi ryddar opp etter oss, seier Løland.

Landbruket i Birkenes er forskjellig frå flatbygdene nede ved elvene, og i bygdene lenger opp i dalen. På flatbygdene nede ved Birkeland sentrum er det korn- og grønnsaksproduksjon, mens oppe i bygdene er det mest grasproduksjon og husdyr. Det er mange små teigar som kan gå ut av drift og gror att, fordi det blir for tidkrevande å drive desse små lappane når det skal bli større drift. Lokallaget er opptatt av å formidle verdien av landbruket til barn og ungdom i kommunen.

Besøker barnehagar og skolar

- Kvart år er vi på besøk i barnehagane og viser fram film og bilde frå landbruket. Det hender også at vi har med dyr. Og så er det fast tradisjon med landbruksdag for alle åttandeklassingane i kommunen i april/mai kvart år. Då får dei vere med i fjøset og sjå på dyr, og vere med på pløying og forskjellig anan. Det er eit samarbeid vi har med kommunen.

Lokallaget har også faste møte med kommunen, dei leverer innspel til jordbruksforhandlingane kvart år og samarbeider med lokallaga i nabokommunane om forskjellige arrangement.

- Sidan flaum er eit aktuelt tema for oss, har vi bestemt oss for å arrangere Tryggere Sammen i lokallaga no til vinteren. Beredskap er viktig, seier Tom Løland i Birkenes Bondelag.