11. desember: Dovre Bondelag, Oppland
For Dovre Bondelag er det viktig å formidle til forbrukaren kva rolle landbruket har i lokalmiljøet og i resten av landet.
- I Dovre Bondelag er vi opne for alle. Vi satsar mykje på aktivitet der vi treffer forbrukar, og då gjerne familiar med ungar. Vi har stort fokus på å formidle mattryggleik og matglede, og ofte gjer vi det gjennom å delta på martna eller andre arrangement som blir halde av andre. Då stiller vi med aktivitetar, konkurransar og dyr, og prøver å formidle kva landbruket i Dovre og Noreg betyr, seier Bjørnhild Vigerust som er leiar i Dovre Bondelag.
Open organisasjon
Ho er ei av tre damer i styret, eit styre med relativt låg gjennomsnittsalder, der nokon nettopp har tatt over garden og andre snart skal ta over. Styret har representantar for tre av produksjonane i kommunen, mjølk, sau og korn, og laget har ein stabil medlemsmasse.
- Bondelaget er ein open organisasjon, der det er rom for å spørje og lære nye ting. Fellesskapsfølelsen som lokallaget gir, er enormt viktig for oss som driv med landbruk. Det er framleis eit einsamt yrke og ein må ha ei kollegial kjensle. Vi prøver å få samla gardbrukarane på kurs, men også på sosiale ting som gir eit pusterom i kvardagen. Men det blir uansett mykje fjøsprat når vi møtest. Det er nyttig å dele erfaringar og å ha nokon å diskutere fag med, seier Vigerust.
Aktiv landbrukskommune
Dovre er ein fjellkommune med eit veldig aktivt landbruksmiljø der det er mange unge som satsar og byggjer ut. Kommunen har store utmarksressursar og jord og klima som passar godt til å produsere gras.
- Vi har kortare sesong enn i lågare strøk og får sådd seinare på året. Men det er god kvalitet på grovfôret her oppe, og det skuldast både god jord og flinke bønder. Vi har også lite nedbør og ordentleg vinter som gir naturen ein ordentleg pause, og ein god start kvar vår, seier Vigerust.
- Det er store utmarksressursar i Dovre, og forvaltninga av utmarka er ei sak vi jobbar mykje med. Vi er avhengig av vegane som går gjennom skytefeltet på Hjerkinn for å kunne føre tilsyn med beitedyra våre, og no er det foreslått som eit alternativ i verneplanen å fjerne desse heilt. Viss forslaget går igjennom, vil andelen beitedyr gå ned. Derfor jobbar vi med å vise kva nytte landbruket har av utmarka, og utmarka av landbruket.
Viser fram sysselsetting
Dovre Bondelag har laga eit sysselsettingskart for å vise kor mange ein gard sysselsett. Det brukar dei når dei snakkar om landbruket i lokalmiljøet.
- Viss vi skal få forbrukaren til å bli glad i oss, må vi vise openheit og vise fram yrket vårt med glede. Eg er for at vi skal formidle landbruket på ein enkel måte. Ikkje bruke for vanskelege ord og snakke om vanskelege ting, men snakke enkelt, ope og ærleg.