- Vi har ikkje ein dato for når Os Bondelag vart skipa, men vi veit at det var i 1867. Så vi bestemte oss tidleg for at vi skulle feire 150-årsjubileet gjennom heile året, ikkje berre for oss sjølve, men for heile bygda, fortel Olav Botnevik, leiar i Os Bondelag.

Og feiring har det blitt. Når året no går mot slutten, kan både medlemmane i Os Bondelag og innbyggjarane i Hordalands-kommunen sjå tilbake på fleire store hendingar i regi av lokallaget.

150 fårikålmiddagar

- Vi har hatt 100-årsjubileet vårt som mal for feiringa. Vi skulle gje ut bok, vi skulle ha fest og vil ville gjere Bondens dag større enn vanleg. Det er eit fast arrangement vi har hatt i sentrum av Os kvart år i 26 år, i samarbeid med sentrumsforeininga.

Førebuingane til Bondens dag starta i år allereie tidleg på våren.

- Vi fann ut at vi ville sette potet og dyrke kål i Os sentrum, for å gje osingane mat og opplevingar. I april utfordra vi ordføraren til å sette potet i kassar i sentrum, og i mai dyrka vi kål. Og då sauane kom ned frå fjellet etter endt beitesesong, vart det fårikål. På Bondens dag serverte vi 150 fårikålmiddagar. I tillegg hadde vi kalvemønstring, husdyrutstilling og ei lita maskinmesse, vi kåra vêrar, selde lokalproduserte varer og serverte frukost i lag med Tine og Nortura, fortel Botnevik.

Bokslepp og fest

I haust hadde Os Bondelag jubileumsfest for medlemmane, og nyleg var det bokslepp på 150-årssoga til laget.

- Målsettinga var at boka skulle seie noko om heile kommunen og landbrukspolitikken, og sette dei lokale forholda i samanheng med den nasjonale landbrukspolitikken.

Os er ein kommune i Hordaland der landbruket først og fremst består av mjølkeproduksjon, ammeku og sau, men der det også er nokre gartneri. Det er færre bønder der i dag enn for 50 år sidan, men jorda blir dyrka og det er fleire solide bruk. Kommunen ligg berre 3 mil frå Bergen, og bøndene her opplever at utbyggingspresset er stort.

- Kommunen sjølv bygger mykje på dyrka mark, og det har nærast vore ein tradsjon her for at folk får dispensasjon frå jordlova. Vi er ein forstad til Bergen, på godt og vondt. No er det fleire større utbyggarar som vil bygge ut på større areal, og det er viktig å sette ein stoppar for, seier lokallagsleiar i Os, Olav Botnevik.