Artikkelen er skrevet av: Marita skeie, rådgiver i Vestland Bondelag, Linda Nordlie, førstekonsulent i Nordland Bondelag og Anette Strand Sletmoen, kommunikasjonsrådgiver i Innlandet Bondelag.

Interessegrupper, politikarar og organisasjonar fyller dagleg opp innboksen og ber om merksemd. Kva er nyheita du vil ha formidla? Dette spørsmålet bør alltid ligge til grunn ved innsal til media.

Det er viktig at våre innsal skil seg ut med eit klart nyheitspoeng, godt språk og ein relevans som fangar merksemda. Journalistar vil ha det enkelt og lett forståeleg. Still deg spørsmålet: Vil hen stoppe opp ved min e-post? Ei pressemelding bør vere kort, men ha med det mest vesentlege. Viss ein skriv den som ein avisartikkel, er sjansen for å «komme på» større. Skriv aldri meir enn maks éi A4-side. I tillegg må du nytte emnefeltet i e-posten godt, gjer det sexy. Då fangar du merksemda til mottakaren lettare. Og hugs: Gode bilete. Eit bilete seier meir enn tusen ord.

Grip nyheitsbiletet

Matprisar, dyrehald, landbrukspolitikk, attgroing og viltforvaltning. Tema som rører ved landbruket er mange og dukkar stadig opp i media. Då må Norges Bondelag vere på ballen. Vi må komme på banen i debattane som vedgår oss som næring. Både dei som fremjar landbruket, men ikkje minst også nyheitene som i utganspunktet kan vere «dårleg nytt». Til dømes avsløringane i grisefjøs. Her må vi som organisasjon vise att.

Vi må freiste å både aktivt sette agenda – og vere med når toget går frå perrongen.

Timing og tidsbruk er ofte avgjerande i kontakten med media. Vi må vere på ballen når debatten går, når nyheita kjem. Ikkje dagevis etter. Vi veit til dømes kva dato statsbudsjettet kjem på. Då må vi vere rigga for å omgåande få ut vår reaksjon.

Bli ein del av kjeldenettverket

Bygg relasjonar med journalistar. I mange redaksjonar har enkelte reportarar eit særansvar for landbruk. Desse må vi knyte til oss. Snakk med dei, hald dei varme. Dette er eit gi- og ta-forhold der vi stundom må gi dei noko. Det kan til dømes vere å gi enkeltreporterar ting eksklusivt. Denne praksisen er særleg utbreidd i dei større mediehusa, der vanlege pressemeldingar tradisjonelt blir via mindre plass. Som motyting vil ein oppleve at journalistar aktivt nyttar oss til å finne case og kjelder.

Men ved innspel opp mot breaking og løpande debatt bør ein uansett gå ut breitt ut med pressemeldingar. Som ein tommelfingerregel bør vi behandle pressa likt, men tenk over kva som gir størst utbyte frå sak til sak.

Ver raus. Hjelp pressa med fakta og statistikk, både lokalt og nasjonalt. Vis dei vidare til fagpersonar.

I møte med media må du være godt forberedt på det du ønsker å formidle.

Trond Bjørkås, tillitsvalgt i Nordland Bondelag

Tilsvarsrett og sitatsjekk

I saker der det blir fremja kritikk eller skuldingar mot deg eller oss som organisasjon, har du tilsvarsrett. Hugs at dei som vert utsette for sterke skuldingar, skal så langt det er råd, ha høve til å imøtegå faktiske opplysningar. Det betyr at pressa pliktar å gi deg høve til å svare via telefon, sms, e-post og evt. sosiale medium, og du skal ha rimeleg tid til å svare.

Du kan også be om fakta- og sitatsjekk. Du skal berre påpeike faktafeil og feil attgjeving av eigne sitat. Du skal ikkje rette på journalisten sin skrivemåte. Føler du deg urettvis behandla av pressa, kan du klage saka inn for PFU, Pressens Faglege Utval. Men prøv å ha ein god og konstruktiv tone med media, slik at du helst slepp dette. Freist å ha ein god og konstruktiv tone med media. Dei har eit viktig samfunnsoppdrag. Hugs at vi uansett sak også er avhengige av tilliten til folk.

Ver tilgjengeleg

Oppgir vi kontaktpersonar til media, til dømes i ei pressemelding, må desse vere tilgjengelege. Ei pressemelding med ein utilgjengeleg kontaktperson blir fort lagt vekk. Vedkommande må kjenne saka, legge vekk stammespråket, og snakke på ein måte som folk flest forstår.

Still opp for pressen når de spør – så stiller de opp for oss.

Olav Østigård, tillitsvalgt i Tynset Bondelag

Medieinnsal – tips & triks

Medieinnsal gjer oss høve til å setje dagsorden. Vi får merksemd rundt saka, og når breiare ut med bodskapen vårt. 

Tips for å kome på:

  • Hugs på nyheitskriteria -> nytt og av betydning. Må vere interessant, også for folk utanfor vår organisasjon.
  • Det enkle er alltid det beste! Bruk enkelt språk, som alle forstår. Ha fokus på hovudbodskapen og det som byggjer under det.
  • Tips om faktakjelder! Tips media om andre kjelder som underbygger saken, forsking mm, bodskapen blir meir truverdig når andre seier det same.
  • Definerer for deg sjølv bodskapen i ei setning, kven er den viktigaste målgruppa,
    og kva kanalar treff du best di hovudmålgruppe.
  • Tal sel -> Ta gjerne tal frå nasjonalt nivå, ned til regionalt/lokalt nivå og omvendt.
  • Les du saker og har ei meining, ta kontakt med redaksjonen og still opp i ei eiga sak i ettertid. 
  • Bruk sosiale medium, journalistar finn gjerne tips der.
  • Plei kontakt med media, dei er grunnleggjande viktig for oss. Ver på tilbodssida med å finne fram til gode eksempel på saker, ver open, ærleg og tilgjengeleg for journalistane.

Bruk sosiale media aktivt. Journalistar fiskar opp saker der.

Kari Sigrun Lysne, tillitsvalgt i Vestland Bondelag

Korleis kontaktar du redaksjonen:

  • E-post (tips, pressemeldingar, lesarinnlegg)
  • Ringe (tips, eksklusivt innsal)

Kva gjer du om du ikkje høyrer noko frå redaksjonen etter innsal?

  • Ring og spør om dei tek saka, skadar ikkje å masse.
  • Forsøk ny redaksjon.