Nyhende frå Vestland Bondelag

Ny bonde samling i Sogndal

Tilbakeblikk på to flotte dagar med 37 nye og unge bønder som var samla i Sogndal for fagleg påfyll og inspirasjon.

Kva skjer om forsyningslinene vert borte?

- Dette var dagen med mange spanande og interessante diskusjonar om kva utfordringar husdyrbonden i Sogn kan få dersom forsyningslinene vert borte, seier styremedlem Ole Bjarne Hovland i Vestland Bondelag

Valnemnda har starta opp arbeidet sitt

- Vi i valnemnda hadde vårt første møte i samband med Leiarmøtet i Vestland Bondelag denne veka. - No er vi klar til å ta imot framlegg på kandidatar til verv i fylkeslaget seier leiar i nemnda Kari Heggenes Kvammen

Økonomi på agendaen

For alle som likar tal, økonomisk tenking og teori, statistikk, median, kapitalavkastning, gjennomsnitt og kunnskap var sekvensen knytt til økonomi på leiarmøtet i Vestland Bondelag svært gjevande.

Lokalt engasjement er avgjerande for resultatet i jordbruksforhandlingane

Det vart nok svært tydeleg for deltakarane i Leiarmøtet til Vestland Bondelag at dei landbrukspolitiske arbeidsoppgåvene står i kø også denne vinteren.

Kan det utenkelege verte verkeleg?

Dette tankevekkande spørsmålet stilte spesialrådgjevar i NIBIO Arne Bardalen, då leiarmøtet i Vestland Bondelag sette mattryggleik på agendaen.

Vellukka samling for nye lokallagsleiarar

Før leiarmøtet til Vestland Bondelag i Bergen, fekk nye lokallagsleiarar tilbod om å delta på ei samling. Målet var å informere om oppgåver knytta til leiarvervet.

- Dette kom som ei stor overrasking for oss

Sølvane Gard AS i Gloppen fekk Bedriftsutviklingsprisen i landbruket i Vestland for 2022.

Jondal Bondelag vil arrangere Open Gard i 2023

- Eg er so glad for at Jondal Bondelag har sett gjennomføring av Open Gard på arbeidsplanen for 2023, seier Kjersti Hjelmeland som representerte fylkeslaget i årsmøtet deira denne veka.

God påmelding til leiarmøtet

Førstkomande torsdag og fredag samlast leiarane i dei lokale Bondelaga i Vestland til sitt årlege leiarmøte i Bergen, der mellom andre den høgaktuelle Ola Honningdal Grytten er ein av innleiarane.

Sivert Jan Ommedal er ny leiar i Hyen Bondelag

Sivert Jan Ommedal tek over leiarvervet etter Elias Eimhjellen.

Matproduksjon i distrikta er meiningsfullt

- Vanskeleg innhausting og stor kostnadsvekst, men ein verdssituasjon som gjer matproduksjon i distrikta enno meir meiningsfull, seier leiar i Davik og Ålfoten Bondelag Stein Kåre Karstensen.

Samarbeid gjev aktivitet

-Vi prøver å tenkje litt nytt om kven vi kan samarbeide med om ulike aktivitetar seier Helena Elvetun ( t.v.på biletet) som held fram som leiar i Granvin Bondelag.

Den grøne skulen

Eit auka fokus på formidling av norsk matproduksjon hos barn og unge er viktig. Det er kome oppdatert materiell i nettbutikken som kan nyttast i å synleggjere det norske landbruket.

Webinar om ferdselsrett

Har du nokon gong kjent på spørsmålet: Er dette verkeleg rett, kan andre ta seg til rette på min eigedom på denne måten? I samarbeid med Harris advokatkontor inviterer vi til miniseminar om allemannsretten og ferdselsrett.

Leiarskifte i Omvikdalen Bondelag

Øyvind Sandvik takkar for seg med eit stort smil og ynskjer ein like smilande Johannes Hjelmeland (t.h.) lukke til som ny leiar.

Fullsatt sal på skattekurs i Loen

Tema og skattekurset i Loen er godt i gang. Første dag på skattekurset er det 92 tilsette frå samarbeidande rekneskapskontor som får fagleg oppdatering innan rekneskap, skatt og avgift.

Aktivt lokallag med aktivt fellesstyre gir god aktivitet for medlemene

- Dyra ser litt rart på meg, når eg kjem åleine i fjøset, sa leiar i Nordsida Bondelag Per Erik Ulvedal (i midten på biletet) litt på skjemt, men med ein alvorleg undertone. Utsegna kom som ein kommentar til alle kontrollane som vert gjennomført i eit fjøs med ku og gris kvart år.

Kofferten har vandra vidare

Valet i Høyanger Bondelag vart avslutta med at Yngve Fardal, høtideleg overrakte Bondelagskofferten til den nye leiaren Alf Magnar Svartemyr, og fekk ein blome i retur, som takk for innsatsen. Kva som er i kofferten er ein godt bevart løyndom, som berre leiarane i Høyanger Bondelag veit om.

Leiarskifte i Holmedal og Askvoll Bondelag

Kristina Johansen Ådlandsvik tek over leiarvervet i Holmedal og Askvoll Bondelag etter Jostein Kumle

Jørgen Naustdal ny leiar i Førde Bondelag

- Eg er svært glad for at Jørgen har teke på seg vervet som leiar i Førde Bondelag, seier avtroppande leiar Karin A. Øverli Grøneng.

Du dreg ikkje svolten heim frå årsmøtet i Viksdalen

- Når eg var klar for heimtur kom det rykande fersk kringle på bordet. Eg kunne no ikkje berre reise heim att då skriv styremedlem Ole Bjarne Hovland i oppsummeringa frå årsmøtet i lokallaget.

Kristian Sætre tek over som leiar i Vik Bondelag

- Det er kjekt for medlemene i Vik Bondelag at Kristian tek jobben som leiar, seier avtroppande leiar Jo Risløv. Med Kristian har vi fått ein ung leiar med pågangsmot.

Fullt hus

- Fantastisk å få vere med på årsmøtet i Kjølsdalen Bondelag seier Nils Magne Gjengedal frå fylkeslaget

Da må verte enklare å få levert inn landbruksplasten

- Det trengst til dømes fleire Grøne Punkt, slik at også vi i utkantane kan få levert plasten til attvinning utan store transportkostnader, vart sagt i møtet i Eikefjord Bondelag

Framtidsretta forvaltning av hjortevilt

- Det er viktig at ulike aktørar med ulike roller kan møtast for å drøfte verkemiddel i forvaltninga av hjorten, seier fylkesleiar Anders Felde som var ein av deltakarane på arbeidsverkstad med tema hjorteforvaltning i Bergen sist veke.

Sette fokus på Biogass

Roar Gundegjerde held fram som leiar i Etne Bondelag. I årsmøtet vart det mellom anna fokusert på planar for eit biogassanlegg i kommunen.

Aud Slettehaug tek over stafettpinnen i Naustdal

Arild Herstad takka for seg etter 6 år som leiar i Naustdal Bondelag. Han er glad for at Aud Slettehaug tek over vervet som leiar for eit av dei større lokallaga i Vestland Bondelag.

Konsernleiinga i Tine på stølsbesøk i Berdalen

I haust besøte Konsernleiinga i Tine mellom anna Andreas Wiese, styremedlem i Vestland Bondelag.

Strålande Open Gard

Norddalsfjord Bondelag sine deltakarar på årsmøtet fekk stor applaus for gjennomføringa av Open Gard. - Det står respekt av at eitt av våre mindre lokallag gjennomfører Open Gard med kring1000 gjester, sa Gry Ingvild Agjeld som representerte fylkesstyret i møtet.

Bli med på laget

Kjenner du nokon som ynskjer å bli medlem i Bondelaget? Spør dei, vi har plass til fleire på laget.

Digital studiereise til 3 ysteri

-- La deg inspirere av gardsysteri som deler sine erfaringar i møte med marknaden og vegval, skriv Marit Hjorhung hos Statsforvalteren. På vegne av Landbruksselskapet i Vestland inviterer Statsforvalteren til til eit inspirerande webinar torsdag den 17. november klokka 10.

Imponerande aktivitet

Ei imponerande fyldig årsmeldinga vart lest opp av leiar Rolv Olav Gjørven som og leia årsmøtet i Oppstryn Bondelag sist veke. Gry Ingvild Agjeld, som representerte fylkesstyret i møtet, kan melde attende om stor aktivitet i laget noko medlemene gav uttrykk for at dei er godt nøgde med.

Les mer om de svært gode medlemsfordelene hos våre samarbeidspartnere