- Eg har mjølkehenting på stølen, seier Andreas Wiese.

Han fortel at han mellom anna driv med geit, og at det var kjekt å ta i mot besøk frå TINE.

- Besøket hjå meg var ein del av teambuildinga for den nye konsernleiinga. Dei skulle reise rundt å få innputt på kor ulikt landbruket er. Det er sprik i bruksstrukturen, utdjupar Wiese. 

 

Diskusjonar

 

- Eg nytta høve til å diskutere kor viktig det er å ha TINE til stades overalt. Det er fort gjort å ta forgitt av dei dukkar opp der det vert produsert mjølk. Det gjer dei jo, men det må synleggjerast i større grad at dei faktisk er overalt.

Wiese fortel at dei også var innom kor skoen trykker.

- Kor lønnsamt er det å hente mjølk på ein støl for samvirket? Kva blir framtida? TINE må våge å gå meir aktivt inn i produkt som dette. Dei må våge å differensiere. Det er viktig at dei har ulike produkt til forbrukar, TINE må ta endå større plass i marknaden.

 

To timar på stølen

 

-  Besøket hjå meg varte i cirka to timar.

Wiese seier at dette var både kjekt og interessant.

- Eg fekk godt innblikk i kva leiinga tenkjer om både utfordringar og mogelegheiter. Kostnadsbildet er der, men me må ikkje sjå svart på det.

Wiese tok også opp at TINE må vere tydelege til Bondelaget på korleis dei skal løfte alle mjølkeprodusentar i jordbruksoppgjeret.

 

Oppteken av dei små levrandørane

 

-  TINE må også våge å vere tydelege på at mindre leverandørar kan leve inn i framtida. Dei kan ikkje løftast kun med mjølkepris.

 Wiese legg til at me er inne i ei ekstraordinær tid, og at store effektive bruk også har det vanskeleg.

- Det kjem ei tid etter denne situasjonen, og me må passe på å gje tydelege signal for å få eit løft i alle produksjonar.

 

 

Sjå fleire glimt frå besøket her