Høyanger Bondelag har hatt styremøter og medlemsmøter i ulike format. Styret ga innspel til jordbruksforhandlingane etter gjennomgang av studiemateriell frå Norges Bondelag på ganske tradisjonelt vis.  Heile styret samla seg og var med på teamsmøte om Gryttenutvalet. - Det har fungert veldig godt å følgje teamsmøtene samla på ein stad, slik at vi kan diskutere oss imellom i løpet av teamsmøtet, forklarte leiar Yngve Fardal.  Bondepub med pizza vart arrangert på Lavik Fjordhotell, dette var kjekt og sosialt, og noko medlemmane har lyst til å vera med på igjen.  Leiar har delteke på Fylkesårsmøtet, og på teamsmøtene fylkesstyret har hatt gjennom året, og tykkjer det er lettare å delta når det er mykje digitalt. Det kan ein gjerne fortsette med, sjølv om fysiske møter er veldig viktige dei og.

Til arbeidsplanen for neste arbeidsår ynskte styret innspel til medlemsaktivitet, og det kom mange gode forslag. Studietur til t.d. Dyrsku`n, Open gard, Fjøsbesøk, møte med tema Psykisk helse, meir aktivitet inn til kommunen og meir samarbeid og fellesaktivitet med lokallaga kring Høyanger. Samarbeid om Open gard, og invitere med andre lokallag på studietur eller på medlemspuben hadde vore kjekt for oss, og kanskje for dei og, vart det sagt med glimt i auget. Vi er eit ganske stort lag, med mange aktive bønder, men vi set og stor pris på dei andre lokallaga rundt oss der nokre av dei slit med å halde oppe aktiviteten av di dei er få igjen.

Det er ønskje om at Høyanger Bondelag er meir aktive inn mot kommunen, det er mange gode lokale støtteordningar for bøndene i Høyanger, desse er det viktig å ta vare på. No når kommunen er i ein meir pressa situasjon er det viktig å vera med i budsjettarbeidet fram mot jul, og sørge for godt arbeid mot politikarane. Landbrukskontoret ønskjer meir innspel frå Bondelaget i viktige saker for jordbruket. Det er bekymring for sauenæringa i kommunen, mange sluttar og det kjem ikkje nye til. Det kom innspel frå årsmøtesalen om det burde vore sett på støtteordningane til sauebøndene, og vurdert om det er rett at dei som har dyra sine på heiltidsutegange, og dei som driv meir tradisjonell sauedrift er likestilte, og at ein sau er ein sau uansett kva den produserer. Uttrykket tilkotssau er ikkje positivt for sauenæringa.

God hjorteforvaltning er avgjerande

Fylkesstyret fekk ros for godt arbeid med hjorteforvaltning, og det er ønskje om at ein fortsett dette gode arbeidet. At ein snakkar om å samarbeide mellom valda, og mellom ulike interessegrupper er viktig. Best resultat får ein når ein drar i same retning. Hjortebestanden i Høyanger må ned, den gjer stor skade. Fri kalveskyting er ein god start, men Høyanger Bondelag ønskjer seg fleire verkty i kassa. Høve til å skyte fleire ungdyr og koller, og forlenga jakttid etter jul står høgt på ønskjelista. Forlenga jakttid vil vera bra i Høyanger, for hjorten gjer størst skade i januar og februar, då kjem den ned på bøane og trakkar og gneg svart.

Sturla Bell Fossen, leiar la fram valnemda si innstilling.

Nytt styre i Høyanger Bondelag

Alf Magnar Svartemyr, ny leiar. Med seg i styret har han Arnt Inge Bosdal (attval), Yngve Fardal (attval som styremedlem), Jan Helge Hjelmeland, Bjarte Inge Sørestrand. Varalista i nr. rekkjefølge: Einar Meek Ljotebø, Silje Brekke Knutssøn, Sigfrid Førde.

Valet vart avslutta med at Yngve Fardal, høtideleg overrakte Bondelagskofferten til Alf Magne Svartemyr, og fekk ein blome i retur, som takk for innsatsen. Og kva som er i kofferten er ein godt bevart løyndom, som berre leiarane i Høyanger Bondelag veit om.

Alf Magnar Svartemyr t.v. kunne reise heim med koffert medan avtroppande leiar Yngve Fardal kunne ta med seg blomehelsing heim att.

Kvelden vart avslutta med middag der menyen var nydeleg skinkesteik med tilbehør og dessert. - Vi lever godt vi som er så heldige å få reise rundt på lokallagsårsmøta, avsluttar Gry Ingvild Agjeld som representerte fylkeslaget i møtet.