Godt nytt år
Me ynskjer alle eit godt nytt år.
01.01.2017 byrjar Anita Sæther i ny jobb. Ho har vore rådgjevar på kontoret til Sogn og Fjordane Bondelag sidan 2011.
I 2017 har vi framskunda regionmøta eit par veker grunna jordbruksmeldinga som vart lagt fram 9. desember. - Eg ynskjer å drøfte innhaldet i meldinga med lokallaga i førekant av det ekstraordinære representantskapsmøtet i Norges Bondelag, som eg skal delta på den 11. januar, seier Anders Felde
- Det skal mykje kraft til for å klare seg åleine i stormen. Norsk landbruk treng mange som er med oss på laget i kampen for eit levedyktig landbruk i heile landet, skriv Anders Felde i si julehelsing
- Dei moglegheitene partnerskapen i fylket har med å tilpasse investeringsverkemidlane til utfordringane i fylket, har vore avgjerande for den investeringslysta vi har sett dei siste åra, seier nestleiar i Sogn og Fjordane Bondelag Ole-Ivar Aam Sognnes.
Næringskomiteen går inn for framleis gruppehald av dyr for pelsdyrprodusentar så fremt dei føl nytt dyrevelferdsprogram.
- Eg ser på kvoteordninga for mjølk som ein av dei beste reiskapane vi har for å kunne oppretthalde mjølkeproduksjonen og eit aktivt jordbruk i heile landet, seier styremedlem i Sogn og Fjordane Bondelag Nils Magne Gjengedal.
- Regjeringa sitt forslag i jordbruksmeldinga om å avvikle marknadsordninga for egg vil vere starten på "kroken på døra" for eggprodusentane i våre område, fryktar fylkesleiar Anders Felde
Regjeringen sier de vil skille distriktspolitikk fra landbrukspolitikk. For meg er det to sider av samme sak, sier fylkesleder Frøydis Haugen til Bergens Tidende.
- Eg håpar samarbeidspartia set foten ned og rettar opp det som er skeivt og gale. Vår jobb framover vert å få politikarane til å sjå kor graverande landbruksmeldinga er, seier Nils Magne Gjengedal i ein kommentar i i Firda Tidend.
- Eg tykkjer det er rett å priroritere utmarksbeitet høgare for sau og lam, men den varsla endringa i Jordbruksmeldinga, som vart lagt fram fredag må ikkje gjere det ulønsamt å nytte innmarksbeita som vi har mykje av i vårt fylke, seier Ole Bjarne Hovland som er 1. vara til fylkesstyret.
20 lokallag har søkt om aktive lokallagsmidlar. Her kan du sjå nokre av aktivitetane.
- Staten sitt mål om forenkling og redusert kontrollbehov set viktige ordningar for norsk landbruk i spel, seier fylkesleiar Anders Felde i ein kommentar til at regjeringa vil fjerne tilskot til avløysing ved ferie og fritid og legge dette til husdyrtilskotet.
Les innlegg i Bergens Tidende fra fylkeslederne i Hordaland Bondelag, Sogn og Fjordane Bondelag og Møre og Romsdal Bondelag.
Bøndene på Stord protesterer når kommunen vil seie opp samarbeidsavtalen med Fitjar om felles landbruks- og miljøkontor.
Jordbruksinntekta til vestlandsbonden var uendra i 2015, kr 277 700 per årsverk. På landsbasis auka jordbruksinntekta med 13 prosent, til kr 326 800 per årsverk. Dei største vestlandsbruka hadde beste inntektsutvikling i 2015. Dette er same utviklinga som ein ser i resten av landet.
Sogn og Fjordane Bondelag har for fyrste gong laga julekalender. Her får du eit lite glimt av det du har i vente frå 1. - 24. desember.
Voss Gardsslakteri fekk tildelt BU-prisen for 2016, medan bonde Kjell Åge Aardal fekk Anton Mindes Ærespris for framifrå jordbruksdrift.
Om ein melder seg inn i Sogn og Fjordane Bondelag no, er det gratis medlemskap ut året.
Golvet i sauefjøset til Andreas Kristoffersen frå Uskedalen kollapsa rett etter at han og sonen hadde gått ut av bingen. Les meir i Bondebladet (link).
Sjå Tv 2 sin videoreportasje om norsk mat. Her kan du mellom anna sjå Reidar Kongevoll, bonde og tidlegare lokallagsleiar frå Seim.
Måndag 31. oktober hadde Luster Bondelag, Indre Hafslo Bondelag og Hafslo Bondelag årsmøte på Gaupnetunet. Dei tre laga hadde ein felles del, før dei gjekk kvar for seg.
Onsdag 16. november hadde Naustdal Bondelag styremøte. Mange tema vart teke opp, mellom anna medlemsverving.