Valnemnda har starta opp arbeidet sitt

- Vi i valnemnda hadde vårt første møte i samband med Leiarmøtet i Vestland Bondelag denne veka. - No er vi klar til å ta imot framlegg på kandidatar til verv i fylkeslaget seier leiar i nemnda Kari Heggenes Kvammen
Noverande tillitsvalde har frist til 30. november med å melde attende korleis dei ser på vidare verv i organisasjonen. - Uavhengig av kva svar vi får frå noverande tillitsvalde, ynskjer vi innspel på kandidatar til ulike verv i fylkeslaget held Kvammen fram. Vi set stor pris på innspel frå lokallaga til vårt arbeid.
Desse sit i valnemnda i fylkeslaget:
- Leiar i valnemnda: Kari Heggenes Kvammen
- Nestleiar i valnemnda: Asbjørn Grindedal
- Medlem: Samson Hamre
- Medlem: Silje Åsnes Skarstein
- Medlem: Karin A. Øverli Grøneng
- Medlem: Øystein Huglen
E-postadresser og telefonnummer til medlemene i valnemnda finn du HER
Fylkesårsmøtet skal vere i Førde torsdag den 9. og fredag den 10. mars 2023. Resultatet av Valnemnda sitt arbeid vil vere klart i god tid før årsmøtet.