LEIAR I VESTLAND BONDELAG: Gry Ingvild Agjeld.

 

-Bøndene vil bidra til å auke sjølvforsyninga i landet vårt. For å klare det må vi få eit inntektsløft for å sikre at bonden framleis vil vere matprodusent.

Det fortel Gry Ingvild Agjeld, leiar i Vestland Bondelag.

-Vi veit kor stort inntektsgapet mellom bøndene og andre grupper er. Vi vil tette meir enn halvparten i dette oppgjeret, det er heilt avgjerande for å gje bøndene framtidstru.

 

Vår løysing

-Kravet er vår løysing på korleis bønder kan bidra til å auke sjølvforsyninga av mat i Noreg.

Agjeld fortel at i eit beredskapsperspektiv er det naudsynt at eit land er mest mogeleg sjølvforsynt med mat.

-Det er ei uroleg verd, og vi støttar vedtaket i Stortinget om 50% sjølvforsyning, men det blir ikkje auke i sjølvforsyninga utan bøndene får like inntektsmogelegheiter på nivå med andre grupper.

Ho forklarar at det er teke fleire grep i kravet som vil auke sjølvforsyninga.

-Det dreier seg om nytte heile landet til matproduksjon, med styrka satsing på utmarksbeite og produksjon av meir norsk grønt, korn og fôr.

 

Styrke mjølkeproduksjonen

-Vi vil også styrke lønnsemda i mjølkeproduksjonen. Difor føreslår vi eit grunntilskot på mjølk som skal innførast frå 1.juli 2024.

I landbruket er mjølkeproduksjonen sjølve bærebjelken, og situasjonen har vore tøff for mjølkebøndene dei siste åra. Mjølk går ut av målprissystemet frå 1.juli og vert erstatta med ein volummodell. Endringa må vere forutsigbar for bonden.

-Mange som har bygd om til lausdrift står i ein særs krevjande økonomisk situasjon. Vi vil ha med alle, og då er økonomisk sikkerheit heilt avgjerande. Eg er nøgd med at kravet har teke inn behovet for satsinga på mjølk, avsluttar Agjeld.

 

 

Fakta om ramma i kravet: 

  • Kravet vert levert av faglaga Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag på vegne av heile jordbruket.  
  • Kravet er på 3,9 mrd. kroner. 1,4 mrd. av dei skal dekke auka kostnadar. 0,8 mrd. må til for at bøndene skal ha same inntektsutvikling som andre grupper (25 600 kroner), og nesten 1,9 mrd. går til å tette en vesentleg del av inntektsgapet mellom bønder og andre grupper. 270 mill. kroner kan takast ut i marknaden på produkt utan målpris i 2025. Det tilsvarar ei auke på 1,3 prosent.
  • For varer med målpris vil prisane auke med 1 mrd. kroner frå 1. juli i år. Det gjeld matkorn, potet, 10 grønsaker, eple og mjølk.  
  • Tilskota krev auke med 2,7 mrd. kroner.  
  • Kravet tettar over halvparten av inntektsgapet mellom bønder og andre grupper. For gjennomsnittsbonden vil det seie 75 900 kroner per familieårsverk etter regnemetoden gitt i St. meld. 11 (2023-2024). Ein trekk då frå ei avsetning til avskrivbar kapital og legg på ein normeringsfaktor med 20 prosent. Beregnet gjenståande inntektsgap i 2025 blir da 60.000 kr per familieårsverk.