Vestland Bondelag
Vestland Bondelag er Norges Bondelag sitt fylkeslag i Vestland. Fylkeslaget vert leia av eit styre med 9 medlemer som vert valde i årsmøtet i Vestland Bondelag. I tillegg kan Bygdeungdomslaget og Bygdekvinnelaget delta med kvar sin representant i styret.
Fylkeslaget har 6 tilsette som arbeider ved avdelingskontor i Førde og Bergen. Til tider vil det vere prosjektstillingar lokalisert til kontoret.
Til saman har fylkeslaget 71 lokallag med kring 7000 medlemer. Fylkesbondelaget arbeider aktivt for å fremje bøndene sine interesser i fylket overfor sentrale og lokale styresmakter, i eigen organisasjon, andre organisasjonar og interessegrupper samt gje korrekt og god informasjon til folk flest om kva som rører seg i næringa.
Fylkeskontoret
Førde: Postadresse/Kontoradresse/besøksadresse: Fjellvegen 11, 6800 Førde
Bergen: Postadresse/Kontoradresse/besøksadresse: Kokstadflaten 36, 5257 Kokstad
Epost: vestland@bondelaget.no
Heimeside: www.bondelaget.no/vestland
Facebook: https://www.facebook.com/VestlandBondelag
Instagram: @vestlandbondelag