Her finn du oversikt over beredskapsplakatar fro Vestland Bondelag. . Oversikta vil etterkvart når styret i det fusjonerte fylkeslaget har handsama saka innehalde plakatar med tilpassa informasjon for ulike hendingar:

  • Brann
  • Ulukker
  • Dyretragediar
  • Smittsame dyresjukdommar
  • Naturkatastrofer
  • Rovdyr
  • Arrangement
  • Atomulukker og andre nasjonale/internasjonale kriser
  • Psykisk helse
  • Smittsame plantesjukdommar

 

Dersom du ynskjer å vite meir om vår beredskap eller du treng hjelp i ein situasjon, ta kontakt med oss:

Organisasjonssjef Lars Peter Taule, tlf 908 587 555

Fylkesleiar Anders Felde, 928 57 084

 

I akutte og livstrugande tilfelle av sjukdom eller skade, ring: 113

Brann: 110

Legevakt: 116 117

Har du behov for å snakke med nokon:

Mental Helse. 116 123

Kirkens SOS: 22 40 00 40

 

Vi oppmodar alle til å legge inn i eigen kjernejournal på helsenorge om at ein har ansvar for dyr. Du må logge inn med BankID for å gjere dette (du finn lenkje i oversikta til høgre). Gå inn via "dine registreringer" og bruk "næraste pårørande"-feltet til å skrive at du er dyreeigar og kven som skal kontaktas dersom det skjer noko med deg. Dette kan til dømes vere avløysarlaget ditt.

Ha ein oppdatert beredskapsplan på garden, lett tilgjengeleg. Dette inneber at innstruks for fjøsstell og andre gjeremål òg skal vere oppdaterte dersom det skjer noko med deg og andre må trå til på kort varsel.