Viktig å alltid ha med i sekken på tur i utmark
Fleire tusen sauer og lam er no sleppt på utmarksbeite i fylket. Dette skjer i ein situasjon der det er dokumentert mykje jerv både i Indre Sogn, Sunnfjord og Sør på Hardangervidda. Difor er det viktig med auka merksemd i beiteområda.
Vi håpar på at rovviltet ikkje vil drepe sau og lam, men vi må ha beredskap for at det kan skje. Difor kjem vi her med råd på kva alle som går på tur i utmarka i fylket bør ha i sekken.
I ein situasjon med store rovvilt i beiteområdet må ein vere budd på å finne kadaver, og då er det viktig å ha noko enkelt utstyr å hjelpe seg med slik at funn kan dokumenterast. Det viktigaste å ha i sekken er utstyret på dette biletet:

Bilete: Pose til eventuell ekskrement, telefon til å ta bilete med og registrere kartkoordinatar/gps, brettbar ryddesag til å skjere kvist og liknande som ein kan bruke å dekke til kadaver med, linjal/metermål til å syne storleik på spor, skade og liknande. Elles er kniv og eit par hanskar nyttig å ha i sekken. Foto: Hanne Lisbeth Nybø.
Dersom de ser eller finn spor etter freda rovdyr, oppmodar vi om at de melder frå til Statens naturoppsyn (SNO) eller legg observasjonane inn i Skandobs så snart som mogleg. Dette er viktig for å legge grunnlag for ei best mogeleg forvaltning av freda rovvilt. Dersom det er mistanke om tap av dyr grunna freda rovvilt er det viktig med dokumentasjon, både for å få sett i verk tiltak og for å kunna sikre erstatning ved tap. Rovviltkontaktane i SNO i Vestland:
Rovviltkontakter
Vestland
- Eirik Dørheim Ølen 482 70 778
- Haugen, Hartvig Bjørnafjorden 970 13 594
- Myhren, Finn Olav Sunnfjord 468 98 112
- Slettemark, Ingmar Voss 957 09 271
- Sæten, Sverre Sunnfjord/Nordfjord 404 48 216
- Øydvin, Håkon Aurland 995 67 650
- Fuglesteg, Rune Luster 476 41 915
Regionansvarleg for rovvilt er Rein Arne Golf - Han har telefon mob 480 94 364.
Side på SNO med namn på rovviltkontakter
Er du lur legg du namn på rovviltkontakten i ditt område og regionansvarleg inn på telefonen så har du det klart om du skulle oppdage uynskte hendingar som kan knytast til rovvilt.
Med fleire dokumenterte jervar sør i grenseområda mellom Region 1 og Region 2 kan det vere greit å kjenne til kven om er ansvarlege for rovvilt i SNO i Rogaland og Agder også
Rovviltkontaktar Rogaland:
Øyvind Nesheim, Sola, 482 05 104
Krister Seljeset, Hjelmeland, 915 40 836
Kartfesting er viktig for at rovviltkontaktane skal kunne finne kadaver i felt. Difor så kan du nytte til dømes denne appen:

1. Når du står tett ved kadaver. Trykk på blå knapp nede i høgre hjørne
2. Då får du opp nøyaktige koordinatar på kvar du er.
3. Ta skjermdump og sende til Rovviltkontakten og regionansvarleg i SNO med ein gong
Før du går vidare : La kadaveret liggja mest mogeleg urørt
1. Ta fleire bilete av kadaveret. Desse kan nyttast i dokumentasjonsarbeid
2. Dekk til kadaver med kvistar/busker/stein og mose. Er det kaldt i veret og kadaver ikkje ligg i sola kan t.d. bossekk nyttast, men naturens eigen kamuflasje er best.