Video frå webinar om dronar i landbruket
Her kan du sjå opptak frå webinaret om om dronar i landbruket. Det tar for seg mogelegheiter i frukt- og grovfôrproduksjon og droneprosjektet til NLR.
Webinaret var eit samarbeid mellom Klima Vest og Vestland Bondelag. Dette er det første webinaret i ein serie med tema "garden som ressurs og berekraft".
Utviklinga av dronar og kunstig intelligens for landbruket går fort. Tema for webinaret er ny teknologi som kan vere aktuell for Vestlandsbonden, og om teknologien kan vera eit nyttig hjelpemiddel for eit betre klima og auka berekraft i produksjonen.
Du får også informasjon om aktuelle prosjekt i NLR.