Med i turfølgjet frå Skei var leiarane i Olden, Gloppen og Nordsida Bondelag samt styremedlem i Breim Bondelag og representant for bonde- og småbrukarlaget i Gloppen. I Lærdal fekk turfølgjet selskap på bussen av elevar frå Sogn Jord- og Hagebruksskule, Voss Landbruksskule og styremedlem i Vestland Bondelag Kari Sigrun Lysne, som hadde førebudd lunsj til reisefølgjet.

Reisefølgjet klar til å ta bussen frå Skei

Videre oppover lærdalsdalen fekk dei informasjon om dei lokale produksjonane, vekstskiftene mellom frukt og grønt og grasproduksjon for å maksimere avlingane.  Oppå Hemsedalsfjellet vart det orientert om villreinforvaltning og bruk av gjerde for å halde reinen vekke frå beiteområde.

Framme i Oslo

Vel framme i Oslo var de appeller og god stemning.  Kamprop som "ærlege tal" "ingen bønder ingen mat" var flittig brukt. Lyden bar godt inn inn i stortingssalen, og det gav jo sjølvsagt ekstra volum og motivasjon.

Framme i Oslo på onsdag ettermiddag

Onsdag framfor Stortinget

Telta vart slått opp, og til lokallagsleiararen i Gloppen sin store skrekk hadde ho pakka ned ein gapahuk i staden for 3 mannsteltet ho hadde tilbydd lokallagsleiaren fra Nordsida.  Rolf Olav Gjørven tilbydde seg å sove i gapahuken, slik at dei andre lokallagsleiarane kunne få hans telt.    Natta vart kald og lang men gjengen frå Nordfjord hadde ikkje reist for å sove godt! 

Telt "på bøen" framfor Stortinget i Oslo

På fredagn kom reisfølgjet frå sør i Vestland med toget.  Styremedlem i Vestland Bondelag Guro Stuve og fleire lokallagsleiarar var med. Nestleiar Kjersti Hjelmeland kom også og deltok i markeringane framfor Stortinget.  

Framfor Stortinget

Styremedlemer i Vestland BondelagKlar til markering

På lista over personar med appell denne torsdagen var mellom andre Bjørn Gimming, Tor Jakob Solberg, Jon Almås, Nora Sandberg, Rasmus Hansson (Mdg) og Per Olaf Lundteigen (Sp).  Leiar i Olden Bondelag Silje Skarstein hadde også appell.

Silje Skarstein framfor Stortinget

Silje Åsnes Skarstein var svært tydeleg i sitt innlegg på at arbeidskvardagen, ferie og fritid og økonomisk inntening ikkje heng saman etter investeringar i nytt fjøs.  Saman med mannen  har ho investert og bygd ut garden slik at dyra går i lausdrift. Ho opplever uro over ein økonomi som ikkje heng saman med arbeidsinnsatsen.

Politikarane har framleis høve til å snu utviklinga i norsk landbruk og gje den norske forbrukaren ei trygg matforsyning i ei uroleg verd der krisar og krig står i kø.  Det kan etter Silje si meining berre skje ved å styrke økonomien til dei som produserer maten i Norge.  Til sist minte ho om at det ikkje berre var for bonden sin del at mange hadde funne vegen til plassen framom Stortinget.  Det handlar i høgste grad om Norge si evne til å styrke sjølvforsyninga og beredskapen slik at ein som nasjon er betre budd når krisa kjem.  MAT må vi ha. 

På heimtur

Det gjekk ikkje heilt vår veg denne gongen. Eitt av krava vart delvis innfridd og stemninga på bussen heim var litt trykka, men heldigvis vakna reisfølgjet etterkvart og fekk reflektert.  Som dei trauste bøndene vi er: Det kunne alltids vore verre.

Nordfjordingane erogså samde om at dei reiser til Oslo neste gang det skal kjempast for norske matprodusentar sin vilkår.   Då håpar dei mange mange fleire bønder og forbrukarar vert med!