LEIAR I VESTLAND BONDELAG: Gry Ingvild Agjeld.

 

-Eg er skuffa. Det er heilt utruleg at Stortingsfleirtalet ikkje kunne samlast om tydlegare signal.

Det seier Gry Ingvild Agjeld, leiar i Vestland Bondelag. Stortingsmeldinga om strategi for auka sjølvforsyning, metode og opptrapping av inntektene i jordbruket skal behandlast i Stortinget neste veke. I går kom innstillinga frå næringskomiteen, det vart ein nedtur for Agjeld.

-Bondelaget hadde verkeleg høge forventningar til denne stortingsmeldinga, og vi håpa at forhandlingane mellom partia i næringskomiteen ville resultere i forbetringar langs forslaga vi har gjeve innspel på.

 

Uklart og rotete

-Ulike fleirtal skapar uvisse, held Agjeld fram.

Regjeringspartia søker eksempelvis fleirtal hjå Høgre og Venstre for fleirtal om ny metode å berekne bonden si inntekt på, tilsvarande regjeringa sitt forslag. Medan tidspunkt for opptrapping av inntektene i jordbruket er sikra av eit anna fleirtal. Det består av Ap, Sp, Raudt og MdG.

-Delen av Stortingsmeldinga som handlar om strategi for auka sjølvforsyning har ulike merknadar, og med ulike fleirtal. Det er veldig utydeleg, slår Agjeld fast.

 

Ikkje lett å forstå

-Det  er vanskeleg å skjøne at eitt fleirtal er samde om talgrunnlaget, og eit anna om tidsplan for opptrapping. Det er eit paradoks at partia som sikrar fleirtal for ny metode å rekne ut bonden si inntekt, har låge ambisjonar for gjennomføring av opptrapping. Dette skapar uvisse blant bøndene, seier Agjeld.

Neste veke vedtek Stortinget auka sjølvforsyning og ein opptrappingsplan for norsk landbruk. Agjeld håpar det inneber ei positiv endring for norsk matproduksjon.

-Inntektene i landbruket må opp på same nivå som andre grupper. Det stortinget skal votere om neste veke er vedtak landbruket skal leve med i mange år framover. Auka inntekt er ein føresetnad for å auke sjølvforsyninga.