LEIAR I VESTLAND BONDELAG: Gry Ingvild Agjeld.

 

-Dette er ikkje det talgrunnlaget vi har jobba for, men no har dei folkevalde talt.

Det fortel Gry Ingvild Agjeld, leiar i Vestland Bondelag. Ho utdjupar at normering og kapitalavkasting  vert ståande som føreslått, medan tal timar per årsverk vert redusert frå 1845 til 1750. Det er ei lita betring, men bøndene skal framleis jobbe 50 timar meir enn andre.

-Eg er skuffa over at fleirtalet på Stortinget ikkje klarte å samle seg rundt eit fleirtalsvedtak. Det ville gjeve eit betre løft til norske bønder. Ekstra skuffa er eg over at dei ikkje klarte å slutte seg til ein opptrappingsplan.  Kva no? Dette må eg bruke tid på å fordøye.

 

«Kasteball» i eit politisk spel

-Eg syns det er godt å sjå engasjementet som har vore over heile landet i dag, seier Agjeld.

Sjølv om det har gleda fylkesleiaren å sjå engasjement, har ho samtidig  hatt ei kjensle av at heile saka har vorte redusert til eit politisk spel. Der spelet mellom ulike partikonstellasjonar vart viktigare enn resultatet.

-Det gjer meg verkeleg trist. Eg er oppgitt på vegne av alle oss som produserer maten. Eg er oppgitt på vegne av forbrukaren som verkeleg ynskjer norsk mat på bordet og i kjøleskåpet. Vi er nok fleire som kjenner oss som «kasteballar» i eit politisk spel. Eg både håpa og forventa at Stortinget skulle slutte seg til ein offensiv  opptrappingsplan for norske bønder. Ein plan som skulle bidra til målet om auka sjølvforsyning.

 

Ikkje lenge til jordbruksforhandlingane startar

-Det er tøft å skulle snu oss rundt og gyve laus på jordbruksforhandlingar no. Bondelaget har alltid som plan A å gjennomføre jordbruksforhandlingar på vegne av norske bønder.

Etter planen skal kravet i jordbruksforhandlingane leverast om ei veke.

-Vi må summe oss litt no. Bøndene har kjempa for betre inntekt og ein realistisk måte å måle inntekta på i mange år. Inntektene i jordbruket må bereknast på ein måte som gjenspeglar bøndene sin situasjon.  Denne saka er langt frå over.