Leiarskifte i Omvikdalen Bondelag

Øyvind Sandvik takkar for seg med eit stort smil og ynskjer ein like smilande Johannes Hjelmeland (t.h.) lukke til som ny leiar.
Omvikdalen Bondelag er eitt av fem lokale Bondelaglag i Kvinnherad kommune. Dei fire andre er Halsnøy, Uskedalen, Varaldsøy og Ølve og Hatlestrand. Kvinnherad er ein av dei større landbrukskommunane i Vestland.
Årsmøtet vart gjennomført den 31. oktober. Årsmeldinga synte at det hadde vore eit godt arbeidsår. Av aktivitetar laget har hatt ansvar for sist år kan vi nemne:
- Føremiddagsmåltid med ordførar og varaordførar før jordbruksoppgjeret
- Aktive i arbeid med å sikre kompetanse på landbrukskontoret i kommunen
- Synlege i media i viktige saker for landbruket i bygda
- Sist, MEN ikkje minst arrangerte lokallaget ein vellukka Open Gard der mange tok turen til bygda.
Lars Peter Taule tok turen innom møtet etter først å ha delteke i årsmøtet i Uskedalen Bondelag. Han orienterte dei frammøtte om Gryttenutvalet sin rapport.
Noko alvorstyngd forsamling drøftar Gryttenutvalet
Leiarskifte
Leiar i valnemnda; Sigurd Hatteberg takkar Øyvind Sandvik for jobben som leiar i 3 år.
So glad kan ein verte når ein takkar for seg og når ein startar sitt verv. F.v. Øyvind Sandvik og Johannes Hjelmeland