Nyhende frå Vestland Bondelag

Helsar tidlegare oppstart av lisensjakta velkomen

- Det er positivt at departementet "snur alle steinar" for å utvide verktykassa som kan gjere lisensjakta på jerv meir effektiv, seier styremedlem Gry Ingvild Agjeld.

Smartbjølla konkurs

Mange beitebrukarar er urolege for beitesesongen grunna melding sist veke om at Smartbjølla er konkurs

Mindre klimagassutslepp utan redusert produksjon

Ein ny rapport frå Norsk institutt for bioøkonomi viser at det er mogleg å redusere klimagassutsleppa frå jordbruket i Vestland utan å redusere matproduksjonen.

Bidreg til framtidstru i mjølkeproduksjonen

Fylkestinget i Vestland vedtok i går å løyve 10 millionar kroner til bygging av lausdriftsfjøs.

Ny bonde-samling i Sogndal 18. og 19. november

Set av dagane i kalendaren, no vert det ny samling!

- Gledeleg med fri kalveskyting

Kommunar kan søke Miljødirektoratet om kvotefri avskyting av hjortekalv for jaktåret 2022/2023. No forventar Anders Felde at alle kommunane fylgjer opp, og søker.

Hele tre av syv Embla-vinnere fra Norge

Mandag kveld var det duket for en storslått feiring av det nordiske kjøkken, under utdelingen av matprisen Embla. Geitmyra Credo, Kvitnes Gård og Undredal Stølsysteri gikk helt til topps.

Ryddeaksjon og jonsokbål

Fjaler og Hyllestad Bondelag har hatt ryddeakson saman med Øen Grendalag på Sørbøvågen.

Distrikta må få sin del av den veksande marknaden

- Det er ikkje utan verdi kvar veksten i grøntproduksjonen kjem sa Kari Sigrun Lysne til årsmøtet i Norges Bondelag

Grunnmuren må vere på plass

- Skal eg og alle dei andre som no vurderer kva dei skal bruke liva sine på velge jord, fjøs og matproduksjon er vi heilt avhengig av at den lova økonomiske jamstillinga faktisk vert gjennomført, sa utsending PederNernæs i sitt innlegg til årsmøtet i Norges Bondelag

Me har ingen fleire mjølkeprodusentar å mista

- Me treng kvar ein mjølkeprodusent for både for produksjonene, fagmiljøa, beredskap og verdiskapinga i samfunnet, sa styremedlem i Vestland Bondelag, Kjersti Hjelmeland i sitt innlegg til årsmøtet i Norges Bondelag

- Første steg for auka sjølvforsyning

Regjeringspartia og SV er samde om revidert nasjonalbudsjett. Der kjem det fram at dei skal vurdere overgang frå kronetoll til prosenttoll for ei rekke jordbruksvarer.

- Alle mennesker er like mykje verdt uansett legning, og alle mennesker har lik verdi

Det sa fylkesleiar Anders Felde etter Vestland Bondelag deltok i Pride-paraden i Førde laurdag 11.juni. Sjå glimt frå dagen her.

Ny samarbeidsavtale med Bybonden

Bybonden i Bergen, Ida Kleppe, vert bonde på eigen gard og vi får ein ny Bybonde etter sommaren. Samstundes går prosjektet over i fast engasjement.

Respekter landbruket si stemme

- Alle utfordringar i Norsk landbruk er ikkje løyst med årets avtale, men eg håpar fleirtalet på Stortinget respekterer hovudfokuset i år; kostnadsdekning for alle typar bruk, og inntekts løft for det store fleirtal av bønder, skriv fylkesleiar Anders Felde i eit lesarinnlegg i Nationen

Bli med oss på Pride-parade

Laurdag 11.juni er det Pride-parade i Førde. Vestland Bondelag gler seg til å delta.

Ny nettside for klimaarbeid på garden

Klimaprosjektet «Redusert klimaavtrykk frå vestlandsjordbruket» får si eiga nettside. I dag klokka 10 kan du klikke deg inn på www.klimavest.no og lese nyheiter og finne informasjon og motivasjon til klimaarbeidet på garden din.

Bjørn Gimming på gardsbesøk og opning av biogassanlegg

Leiaren i Norges Bondelag deltok i opninga av det nye biogassanlegget på Stord, og nytta høvet til å treffe tillitsvalde frå lokallaga.

Vellukka gardsbesøk i Gaular

Applaus til Gaular Bondelag som har gjennomført gardsbesøk for 9.klasse ved Sande skule. Sjå glimt frå den vellukka dagen her.

Klar for årsmøte i Norges Bondelag

Årsmøtet går føre seg 15.-16. juni på Lillehammer. Vestland Bondelag sender 13 utsendingar i tillegg til leiar, nestleiar og organisasjonssjef.

Les mer om de svært gode medlemsfordelene hos våre samarbeidspartnere