Hyen Bondelag kalte medlemmane inn til Årsmøte med julemiddag på Kleppenes gard 10. november. 28 av 94 medlemmar møtte opp på ein særs regnfull novemberkveld. Inne var det lun og triveleg julestemning, med god mat og god stemning.

Nestleiar Solfrid Utheim leia årsmøtet gjennom kvelden på ein ryddig og god måte. Ho opna møtet med å seie litt si drift som økologisk eggprodusent, og om den alvorlege situasjonen for eggenæringa med overproduksjon og få gode verkty til å løyse situasjonen.  - Vi føler ikkje Bondelaget har jobba godt nok med å finne produksjonsregulerande virkemiddel som er klar når overproduksjonen er eit faktum, sa ho mellom anna.  Vi set vår lit til at dette skal løyse seg no, etter mykje påtrykk frå næringa, men vi er skuffa over Bondelaget.  Dette svir for ei økonomisk pressa næring.

Arbeidsplanen viser god aktivitet i laget. Alle styremøtene er gjennomført på Teams, ein måte som styret er blitt fortrulege med no gjennom koronatida. Leiar eller nestleiar har delteke på møter i regi av samstyret for bondelaga i Gloppen. To møter med kommunen og eitt møte med stortingspolitikarane Erling Sande, Sp og Torbjørn Vereide, Ap. Det vart gjennomført studiering i forkant av jordbruksforhandlingane og laget leverte eiga uttale. Det vart organisert metallinsamling våren 2022.

På arbeidsplanen for komande år står medlemsmøter med tema klimakalkulator, brann og beredskap, nye krav til fjøs og beiting i 2024. Studiering jordbruksforhandlingane 2023 og eit medlemsmøte i samband med dette, er og på planen. Å ta opp igjen adventskafe eller medlemsmøte med samordna kontroll av brannsøkkjeutstyr er ønskja frå medlemmane. Styret ba om innspel på om det var ønskje om metallinnsamling til våren og, og det var møtelyden klar på at det vil dei gjerne ha.

Frå salen kom forslag om eit medlemsmøte med juridisk avdeling i Bondelaget for å gjera medlemmane klar over kompetansen og tilbodet som finnast der. Eit medlemsmøte med postivt tema som til dømes nye medlemmar, nye gardbrukarar i bygda var og eit godt forslag til styret. Styret i Hyen Bondelag har moglegheit til å få god aktivitet for medlemmane til neste år og.

Nydeleg mat vart servert på Kleppenes gard

Anders Ommedal, leiar i valnemda la fram innstilling frå valnemda, som har hatt ein grundig jobb med å finne ny leiar, det har vore mange telefonar.  Resten av styret har stilt seg til disposisjon.

Sivert Jan Ommedal t.v. vart vald som ny leiar i Hyen Bondelag etter innstilling frå valnemnda. Ottar Hope og Torleiv Straume jr. vart valde for to nye år. Vidare på biletet Styremedlem Ola Solheim,  1. vara til styret Ole Arild Aa , styremedlem Solfrid Utheim og 2. vara Olav Kåre Solheim.    Anders Ommedal går ut av valnemda og ny i valnemda er Bjørn Holme.

 

Gry Ingvild Agjeld deltok frå Fylkesstyret med orientering om aktuelle saker i Bondelaget. Verdssituasjonen og korleis det påvirkar oss som norske bønder, jordbruksforhandlingane -22 og -23, Arbeidet med auka inntekt for bonden og korleis vi arbeidar vidare med Gryttenrapporten og høyringa.

Lausdriftskravet er alvorleg for ei bygd som Hyen

Diskusjonen i møtet var prega av den alvorlege situasjonen for landbruket i Hyen grunna lausdriftskravet som trer i kraft i 2034. Det er ikkje mange som har bygd om til lausdrift her i våre grender, og skal vi vera heilt ærlege så trur vi ikkje at det blir så mange fleire. Kva skal vi gjere for å unngå at dette blir ei katastrofe for bondenæringa i Hyen, og kva med seterdrifta som vi har klart å ta vare på, er ikkje dette noko verdt? Det blir for mykje festtaler om kor viktig landbruket er, men til sjuande og sist så er dette verkelegheita vi står oppe i. For små gardar til å bygge om, og ein driftsform og ein verneverdig seterkultur som kjem til å forsvinne når båsfjøsa ikkje er lovlege lengre.