Nyhende frå Vestland Bondelag

Hjort frå risiko til ressurs

Danielsen Ungdomsskule Osterøy driv på med eit prosjekt om hjort i kommunen. Elevane skal både kartlegge problem og sjå på hjorten som ein ressurs innan kortreist mat og matkultur.

Mål om samanslåing med Jølster frå 2023

- Dette er ei sak som har modnast nokon år. No er tida komen for å ta steget og slå oss saman med Jølster Bondelag seier leiar i Stardalen Bondelag Nils Kjøsnes.

Må satse på dei mindre bruka

Årsmøtet i Flora Bondelag er glade for betringa i investeringsverkemidlane, men meiner arbeidet for å styrke utviklingsmoglegheitene for dei mindre bruka må halde fram fram.

152 millionar til investeringar i 2023

- Det er gledeleg at løyvingane til investeringar i landbruket er auka og styrka for komande år, seier fylkesleiar Anders Felde.

Har vurdert å slå seg saman med andre lag i kommunen

- Vi har drøfta og vurdert å slå oss saman med dei andre laga i Stryn kommune, men har konkludert med at vi ikkje ynskjer det i denne runde, seier Silje Skarstein som held fram som leiar i Olden Bondelag

Stein Olav Kolås vart takka av som leiar

Etter 12 år som leiar i Ulvik og Eidfjord Bondelag fekk Stein Olav Kolås t.h. stor takk for godt arbeid på årsmøtet i lokallaget.

Ynskjer du å delta i mentorordninga til landbruket?

Vil du som ny bonde eller bonde i ein utviklingsfase ha ein erfaren diskusjonspartner? Eller er du ein erfaren bonde som kan tenkje deg å dele kunnskap med andre? Då er mentorordninga løysinga.

Bergen Bondelag reiste på gardsbesøk

- Jammen var eg heldig som fekk vere med Bergen Bondelag på gardsbesøk før årsmøtet i lokallaget deira, seier første vara til fylkesstyret Kjersti Hjelmeland

Stort engasjement ut mot havet

- Skikkeleg nyttig med god og meiningsbrytande dialog, slik eg opplevde på årsmøtet til Selje- og Stadtlandet Bondelag, seier Nils Magne Gjengedal som var utsending frå fylkeslaget i møtet.

Difor er eg medlem i Bondelaget

Vi spurte Kjersti Hjelmeland om kvifor ho er medlem i Bondelaget. Sjå svaret frå 1.vara i fylkesstyret vårt her.

Nye leiarar både i Voss Bondelag og i Bulken og Evanger Bondelag

Bjørnar Nedkvitne tek over stafettpinnen etter Grethe Monica Haug i Voss Bondelag og Njål Are Forthun (i midten på biletet) er ny leiar i Bulken og Evanger Bondelag

Fekk blomar for å halde fram som leiar

Normalt får ein blomar når ein går av som leiar, men leiar i Gaular Bondelag Margun Myrmel Øren fekk blomar for å halde fram i vervet.

Ove Andre Ljostveit ny leiar i Ølve og Hatlestrand Bondelag

- Da var skikkeleg kjekt å få vere med på årsmøtet i Ølve og Hatlestrand Bondelag seier Kjersti Hjelmeland som representerte fylkeslaget i møtet

Vossestrand først ut

- Da er kjekt å kome rundet å besøke lokallaga på deira årsmøte seier styremedlem Ole Bjarne Hovland. Han tok turen til Myrkdalen sist veke på besøk i årsmøtet til Vossestrand Bondelag

Nye ByBønder

ByBonden Ida Kleppe har kjøpt seg gard og vert bonde på Stord. I hennar stad er det tilsett 3 personar som saman skal vere ByBonde-teamet i Bergen.

Klimasamling på Voss

Rundt 30 bønder fekk klimaråd på Voss laurdag 8. oktober. KlimaVest, Voss herad, Bondelaget, NLR Vest og Tine gjekk saman om å samle bønder for innføring i klimakalkulator og handlingsplan.

Ledig prosjektstilling som klimakoordinator i Vestland

Vi søker deg som har kjennskap til vestlandslandbruket og klimaarbeidet i næringa. Prosjektperioden strekk seg i utgangspunktet til 31.12.2024.

- Lat oss bruke denne dagen til å passe litt ekstra på kvarandre

I dag er verdsdagen for psykisk helse, og fylkesleiar Anders Felde oppmodar oss om å vere gode medmennesker, sjå kvarandre og prate saman.

Nyttig samling i Førde

I slutten av september var eit knippe bønder og rådgjevarar samla i Førde for å få tips til drifta og ein ferdig klimahandlingsplan.

Ny Bonde-samling i Sogndal

Både unge og nye bønder er velkomne når Vestland Bondelag, TINE, Nortura, Landkreditt Bank, Felleskjøpet Agri og Gartnerhallen inviterer til seminar 18. og 19. november i Sogndal.

- Matproduksjon viktig for Norsk beredskap

Forslaget til Statsbudsjett for 2023 set av pengar til mellom anna kornlagring og Bionova.

Inntektsutvalet svarar ikkje på inntektsutfordringane til bonden

Det er avgjerande å finne ein rett måte å rekne ut bonden si inntekt på. Det seier Anders Felde, leiar i Vestland Bondelag.

Bygeitene har halde vegetasjonen nede i sju år

Ikkje langt frå Førde sentrum finn ein to geiter. Dei beitar midt i eit av byens største byggefelt, og har gode dagar i Slåttebakkane.

Inntektsutvalget: Svarer ikke ut om bondens økonomi

– Det er svært viktig å finne en god måte å måle bondens inntekt på. Inntektsutvalget sin vurdering svarer ikke godt nok ut på denne oppgaven, sier Bjørn Gimming, leder i Norges Bondelag.

Les mer om de svært gode medlemsfordelene hos våre samarbeidspartnere