GJEV PRIS: Bedriftsutviklingsprisen i landbruket 2022 i Vestland.

 

- Det er ei fantastisk ære å få ei slik merksemd, fortel Torstein Kollevåg. 

Han er dagleg leiar ved Sølvane Gard AS. Kollevåg har jobba med kultur i rundt 20 år, og vore ansatt ved Den Norske Opera & Ballett i cirka 10 år. Saman med Eivind Kandal vert det satsa på kultur, reiseliv og lokalmat i Kandalen i Gloppen. 

- Eivind er gardseigar, og utdanna operasangar, utdjupar Kollevåg. 

 

Får gjester frå heile verda 

GLAD FOR PRISEN: Torstein Kollevåg og Eivind Kandal. 

 

- Det er eit stort prosjekt vi har starta med. Det at vi alt no fekk heider for innsatsen vi legg ned betyr mykje.

Kollevåg set stor pris på at folk verdsetjer arbeidet, og timane dei legg ned i drifta. I vakre Kandalen kjem det no gjester frå heile verda for å oppleve det Sølvane Gard kan tilby. 

- Vi er veldig takksame for at vi kan bu, og drive i flotte Kandal. 

Like viktig som oppbygginga av verksemda Sølvane Gard AS, er det at Torstein og Eivind i tillegg har skapt ein optimisme i den vesle “geitebygda” Kandal og fått med seg naboane i ulike deler av satsinga. Satsinga deira har vist kva som er råd å få til på ein litt “avsides” plass som Kandal og kan absolutt definerast som Bygdeutvikling/Bygdemobilisering i praksis.

- Det bur kun 60 mennesker i Kandal og vi gjer alt vi kan for å skape eit levande samfunn for oss og for kommende generasjonar.

 

Stor feiring

DEN GYLDNE GEIT: Ei flott statue som vart avdukka under prisutdelinga. 

 

- Under prisutdelinga fekk vi også avduka ei statue. Det er ein takk frå oss til bøndene i Kandal. Den er eit bevis på kva vi har fått til saman, seier Kollevåg.

 

Juryen si grunngjeving:

Det var i år tre finalistar til Bedriftsutviklingsprisen i landbruket i Vestland. Kandidatane vart vurdert ut frå kriteria økonomisk, sosial og miljømessig berekraft og innovasjon/nyskaping.

Det største konkurransefortrinnet til Sølvane Gard AS er høg og relevant kompetanse hjå eigarane/drivarane Torstein og Eivind og det breie nettverket deira. Dette har dei opparbeidd seg gjennom lang og variert utdanning og praksis i inn- og utland. I Kandal har dei teke dette med seg inn i ei ny og unik “setting” i det nye “livsprosjektet” på Sølvane Gard.

“Sølvane Gard har no på plass eit solid fundament for vidare satsing nasjonalt og internasjonalt. Dei har også motteke Vekst-støtte frå Utviklingsprogrammet i 2022, noko som viser at dei har vidare vekstambisjonar”, seier Nina Broch Mathisen, juryleiar og regiondirektør for Innovasjon Vestland.

“Imponerande er det også at dei har hatt den omsetningsutviklinga dei har hatt den korte perioden frå 2019, sett opp mot dei spesielle forholda som har vore kring pandemien”, tilføyer Nina Broch Mathisen.

 

Årets jury:

Årets jury har bestått av Kjersti Sognnes frå Vestland fylkeskommune, Eirik Brynjelsen frå Statsforvaltaren i Vestland, Åse Marie Reisæter, felles representant for Bonde- og Småbrukarlaga i Sogn og Fjordane og Hordaland. Juryen vart leia av Nina Broch Mathisen, regiondirektør i Innovasjon Norge Vestland.

 

Fakta om Bedriftsutviklingsprisen i landbruket:

Innovasjon Norge deler kvart år ut Bedriftsutviklingsprisen i landbruket på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet. Det er ein bedrifts- og næringsutviklingspris for dei som har etablert ei vellukka bedrift eller næring med basis i bygdene og landbruket sine ressursar.

Det vert kåra ein vinnar i kvart fylke som får 50 000 kroner og dei fylkesvise vinnarane deltek så i den nasjonale konkurransen om 250 000 kroner.