Jan Kåre Pedersen frå Renevo deltok med orientering kring biogass.  Han synte til at det ligg planar for 4 anlegg langs Hardangerfjorden med ein produksjonskapasitet på 295 Gwh.  Kostnaden for anlegget i Etne er utrekna til 341 millionar og leveranse kan tidlegast skje våren 2024.   Tørrstoffinnhaldet vil vere avgjerande for å kunne sikre økonomi i produksjonen.   På denne nettsida kan du lese meir om anlegget i Etne.

Mange konkrete saker på agendaen

Elles i årsmøtet var det stor variasjon i tema på agendaen:

  • Kva skjer eigentleg med utstillingsplassen?
  • Renovasjonsavgifter på hytter i fjellet
  • Korleis skal vi rekruttere fleire av dei unge av begge kjønn inn i lagsarbeidet?  Etne Bondelag er eitt av dei større laga i Vestland og med ein medlemsmasse på 215 medlemer kunne det nok vore ynskjeleg med litt større oppmøte enn dei 14 som tok turen.
  • Korleis sikre årlege erstatsningsutbetalingar for mastefeste og andre inngrep ?
  • Nytt advokatkontor etablerer seg i Etne
  • Trong for samanfall i dato vedrørande innmelding kjøp/sal av mjølkekvote og kunngjering av forholdstal i mjølkeproduksjonen

Styremedlem Knut B. Hauso representerte fylkeslaget i møtet og han tykkjer det var interessant å høyre om det engasjementet som deltakarane i møtet hadde for ulike saker.  det vitnar om framtidstru og optimisme.