I slutten  av mars sende Landbruks- og Matdepartementet, Klima- og Miljødepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet forslag til ny forskrift om lagring og bruka av gjødsel på høyring.

Dette er ei svært viktig sak for mange av våre medlemer som vil få konsekvensar for mange.  Framlegget medfører mellom anna ei skjerping når det gjeld krav til spreieareal og fristar for kor tid husdyrgjødsel kan spreiast.  I brev til dei lokale bondelaga i vestland ber vestland Bondelag om innspel på kva praktiske konsekvensar lokallaga ser at framlegget kan medføre. 

Vi ynskjer særleg at de svarar ut følgjande spørsmål med utgangspunkt i kva de ser kan vere praktiske konsekvensar av forslaga i dykkar geografiske område:

 Konsekvensar av endringar i gjeldande krav til spreiemengde?

  • Nye grenser for mengde gjødsling med fosfor – felles for alle gjødselslag 2,8 kg P/daa/år ved iverksetjing av ny forskrift 2,5 kg P/daa/år etter 4 år 2,3 kg P/daa/år etter 8 år
  • Krav til spreieareal
    • Innmarksbeite – må godkjennast av kommune Sjå side 22-24 i høyringsnotatet
  • Vil Balansegjødsling slik det ligg føre kunne fungere – maksimalt 3,5 kg P/daa/år?
    • Dokumentasjon
    • Meldeplikt
    • Jordprøver kvart 4. år
    • Sjå side 27-34 i høyringsnotat

Konsekvensar endringar i gjeldande krav til spreietidspunkt?

  • Frå 15. februar - 1. november no - til 1. mars – 1. september
  • Statsforvaltar tek over forvaltning og høve til å kunne forskriftsfeste seinare spreiefrist om hausten i område der vekstsesongen i snitt tek til etter 1. mai.
    • Kommunane mistar sitt høve til å gje utsett frist og til å lempe på krava
    • Kommunane skal framleis ha ansvar for tilsyn og kontroll
  • Korleis vil dette påverke trong for å bygge ut auka lagerkapasitet i dykkar område?
    • Vil det vere tilstrekkeleg med overgangsordning ut år 2027?   
    • Sjå side 17 – 21 og side 43 – 44 i høyringsnotatet

Endringar i krav til gjødslingsplan, journal og dokumentasjon?

  • Krav til journal over faktisk disponering av gjødselvare
  • Standardisert krav til jordprøvar kvart 4. år                   Sjå side 38- 42 i høyringsnotatet

Andre konsekvensar de ser av framlegget?

  • Økonomi, arbeidsmengde

Vestland Bondelag har frist til den 22. mai med å sende sitt innspel til Norges Bondelag.   Med det som utgangspunkt har lokallag fått frist til 13. mai med å kome med sine innspel.  Vi tek også imot innspel/kommentarar frå einskild medlemer som har konkrete tilbakemeldingar på konsekvensar.  Send innspela på E-post til vestland@bondelaget.no

Den nasjonale høyringsfristen er 20. juni.   Høyringa er opa, slik at alle som ynskjer det kan gje høyringssvar i saka.