Nyhende frå Vestland Bondelag

Rydda søppel langs E39

Sjå glimt frå ryddeaksjonen her.

Suksess for Open Gard på Lygra

Rundt 600 besøkande var innom då Alversund og Seim Bondelag arrangerte Open Gard 22. mai.

Fritt fram for alle gode prosjekt

- Partnerskapen for landbruket i Vestland har no opna opp for å handsame søknadar om investering fortlaupande uavhengig av produksjon, seier fylkesleiar Anders Felde

Viksdalen Bondelag og Sveio Bondelag er med på dugnaden

Takk til alle lokallaga som hjelper til med å samle inn og rydde plast og anna avfall. Her kan du sjå bilde frå Viksdalen Bondelag og Sveio Bondelag.

Ryddedugnad i heile fylket

Mange av lokallaga har rydda plast og anna avfall denne våren. Her kan du sjå bilde frå Uskedalen Bondelag, Oppstryn Bondelag, Lærdal Bondelag og Voss Bondelag.

- Eg prøver å verdsetje dei små augeblikka

I Stardalen i Sunnfjord bur Marit Flatjord. Ei positiv dame, som set stor pris på det ho har.

Varsel om låg fyking med helikopter

Vi er bedne om å gjere medlemene våre kjende med at det i veke 21, 22 og veke 23 vert lågtfyking med helikopter i store deler av Sogn og Fjordane. det er selskapet Linja som skal ha inspeksjon av høgspentnettet.

Vellukka skulebesøk på Sande og Skei

Nortura, Tine, Felleskjøpet og Bondelaget besøkte i starten av mai elevar ved Sande skule og Skei skule. Målet var å informere om Samvirke, norsk matproduksjon, utdanning og karriere.

- God avtale for Vestlandet

Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag har blitt einige med Staten om ei jordbruksavtale for 2022 og 2023.

Ryddedugnad i lokallaga

I desse dagar har mange av lokallaga ryddedugnad og ryddar plast i elvar og på land før 17. mai. Selje og Stadlandet Bondelag hadde ein stor dugnad 7. mai.

- No må maktfordelinga i daglegvaresektoren på plass

Høgre, SV, Frp, Venstre, KrF, Raudt og MDG har kome til ei historisk semje om regulering av daglegvarehandelen.

- Eg finn glede i det eg driv med

På Egge i Våtedalen held Vidar Sandal til. Med 140-150 geiter har han travle, men gode dagar.

Teknikkdag for landbruket i Indre Hardanger

Ullensvang Hagebrukslaginviterer til teknikkdag laurdag 28. mai. Fleire maskinfirma er påmelde, og vil visa fram traktorar og maskiner både for fruktdyrking og grasproduksjon i krevjande terreng.

- Eg er klar til å gjere ein innsats

Plast frå landbruket skal ikkje forureine. Det er bonden sitt ansvar å handtere plasten på ein god måte på garden.

Matfest skal vise mangfald og berekraft

Tema for årets matfestival i Bergen er frå jord/sjø til bord. Målet er at Bergen og Vestland skal bli Norges gastronomiske metropol! Vestland Bondelag er med i ei arbeidsgruppe som skal lage Ung Matfest.

Auka matproduksjon og løn til å leva av

- Den norske bonden har over tid hatt lågare inntektsvekst enn andre grupper i arbeidslivet i tillegg til at landbruket no opplever ein kostnadsvekst langt utover det normale. Dette tilseier at vilkåra for landbruket og bøndene våre må styrkast, slik at dei sikrar auka norsk matproduksjon og ei løn å leva av, skriv Voss Heradsstyre innleiingsvis i brev adressert til Landbruks- og Matdepartementet og næringskomiteen på Stortinget.

Ryddesjau i Gloppen

Deler av fylkesstyret vårt stilte sporty opp å laga film om landbruksplast - snurr film.

Jordbruket går i forhandlingar

I går fekk jordbruksorganisasjonane staten sitt tilbod i jordbruksforhandlingane, sjå fylkesleiar Anders Felde kommentere tilbodet her.

Snu-operasjonen i landbruket har starta

Torsdag 5.mai la Staten fram sitt tilbod i jordbruksforhandlingane. Skilnaden er på 2,7 mrd.kr mellom jordbruket sitt krav, og staten sitt tilbod.

Den gode praten kring lunsjbordet

- Mat og prat er ein god kombinasjon, seier leiar i Omvikdalen Bondelag, Øyvind Sandvik i ein kommentar til kvifor dei tidleg i april inviterte varaordføraren og ordføraren i Kvinnherad til ein prat kring lunsjbordet.

Korleis er det å jobbe på ein gard i Jostedalen?

Leiar i Jostedal Bondelag, John G. Sperle, har hatt besøk av elevar som laga film til entreprenørskapsmessa i Luster. Her kan du sjå det fine intervjuet om bondeyrket.

Bonde for ein dag i Fusa

Etter to års pause kunne Fusa Bondelag endeleg invitere 4. klassingane til å vere bonde for ein dag.

Les mer om de svært gode medlemsfordelene hos våre samarbeidspartnere