Næringspolitisk sjef i Norges Bondelag Sigrun Pettersborg orienterte om det politiske arbeidet fram mot jordbruksforhandlingane 2023.  Det finst ikkje nokon "kvikkfiks".  Det handlar om godt og kløktig arbeid frå tillitsvalde og tilsette i heile organisajsonen.  Tidsplanen for arbeidet fram mot jordbruksforhandlingane kan oppsummerast slik:

  • Oktober-desember 2022: Intern høyring på NOU om inntekt
  • Desember 2022: Handsaming av statsbudsjettet
  • Desember - mars: innspelsrunde i førekant av jordbruksforhandlingane 2023
  • Tysdag 14. februar:  Frist for lokallaga for å sende innspel til fylkeslaget
  • Tysdag 15.mars: Frist for fylkeslaga sitt innspel til Norges Bondelag
  • Vår 2023:Vedtak i Stortinget om nytt inntektsmål og metode for utrekning av inntekt
  • April-Mai 2023: Jordbruksforhandlingane

Arbeidsgrupper og utgreiingar 2022/2023

  • Gjennomgang av konkurransefemmande tiltak PU (Frist 15.12.2022.)
  • Partssamansett arbeidsgruppe om strukturdifferensiering og tak på tilskot (Ferdig til 15.02.2023)
  • Partssamanssett arbeidsgruppe på kvoteordninga for mjølk (Ferdig til 01.03.2023)
  • Utgreiing om tilgang på veterinærtenester (Kjem kring nyttår)

Tema som vert tekne opp i dei to partssamansette arbeidsgruppene er svært aktuelle tema som vil bli viktige for lokallaga å kome med innspel til i førekant av forhandlingane.  Tema vil verte belyst i studiearbeidet og spørsmåla som vert sendt ut til lokallaga.

Vil involvere medlemer i det vidare arbeidet med dyrevelferdsmeldinga

Vidare i innleiinga kom Pettersborg inn på tema knytt til dyrevelferd.  Ho la særleg vekt på Bondelaget sitt vidare arbeid med dyrevelferdsmeldinga.   Det er eit ynskje frå organisasjonen å setje saman arbeidsgrupper innan dei ulike produksjonane.   Desse arbeidsgruppene kan jobbe med synleggjering av konsekvensar av ulike tiltak og kome med framlegg til gode løysingar.

Pettersborg fortalde også deltakarane i leiarmøtet at handlingsrommet i WTO skrumpar inn.  Særleg er det press på gul og blå boks i WTO.   Det er ei utfordring i ei verd der produksjon av mat bør aukast.  På spørsmål frå salen om kva som kunne gjerast med gul og blå boks var Pettersborg tydeleg på at  "No news is good news" når vi snakkar om WTO. 

Ein overgang frå kronetoll til prosenttoll vil kunne styrke tollvernet for svært mange produkter. 

Det vil vere viktig velje varer med omhu med fokus på varer der det vil monne.  Dette kan legge til rette for at prisane kan aukast utan å tape mot import, sa Pettersborg mellom anna. 

Nøkkel for auka norsk grøntproduksjon er å få opp norskandelen.  Flaskehalsen ligg i å få avtaler om leveranse.  Kva strukturverkemiddel kan vi nytte som kan legge til rette også for mindre produsentar og produsentar i distrikta?  Pettersborg sende spørsmålet i retur.  Kva er det som trengst?