Ferdselsrett – eit innhogg i den private eigedomsretten.

 

Har du nokon gong kjent på spørsmålet:

Er dette verkeleg rett, kan andre ta seg til rette på min eigedom på denne måten?

Dato: 6. desember klokka: 10.00 - 11.00 inviterer Vestland Bondelag til eit miniseminar på Teams der ulike tema rundt ALLEMANSRETTEN og FERDSELSRETTEN blir belyst.

Litt frå innhaldet i seminaret:

Fagleg innlegg: Advokatane Merete Tollefsen og Børje L. Hoff, begge frå adv.firmaet HARRIS, som er eit av fleire samarbeidande advokatfirma med Norges Bondelag.

  • Korleis balanserer lovene og domstolane dei ulike omsyna knytt til ferdakaren og grunneigaren?
  • Kan grunneigaren stanse publisering av bok som legg tilrette for tursti gjennom tunområde?

Ferdselsrettigheiter er eit stort og komplisert rettsleg tema. Me rekk nok berre å skrape litt i overflata her.

Lenke til påmelding.

Lenke for oppkobling til miniseminaret vert sendt ut til dei påmelde på ettermiddagen dagen før seminaret.

Vel møtt