Leiar viste til at det er eit styre som fungerer godt, og at det har vore interessant og kjekt å vera i gang med meir normal aktivitet att etter at det er slutt på koronarestriksjonar. Andre lokallag har vore invitert til å delta på aktiviteter i Oppstryn Bondelag, og andre lag har invitert Oppstryn. Fellesstyret for laga i Stryn har fungert godt, der sit Rolv Olav Gjørven som leiar, med denne hatten på har han delteke på møte med Nordfjordrådet. Saman med representanter frå bondelaga i Gloppen og Stad orienterte han om ringverknader av verdiskapinga i landbruket, årets jordbruksforhandlingar og alvoret i kostnadsauken for bondenæringa. Leiar deltok og på møtet SP lyttar til Stryn, der han fekk leggja fram for Erling Sande om dagens situasjon for landbruket i Stryn.

Det var ei fyldig årsmelding som vart lest opp av leiar Rolf Olav Gjørven

Det har vore stor medlemsaktivitet med blant anna Bondefest med livemusikk og matservering der alle bondelaga i Stryn var invitert, bondecafè i desember, medlemsmøte om jordbruksforhandlingane i februar, medlemsmøte på Hydlastova med litt fag, taco og quiz. Leiar informerte om at deltaking har vore litt ujamn, men at no prøver dei ut ulike ting for å sjå kva medlemmane vil vera med på, og konkluderte med at det truleg ikkje blir meir bondecafè på dagtid.

Stryn ungdomsskule vart invitert opp til Kyrkjeeide der dei var med og planta grønsaker som dei lage grønsakssuppe av i haust.

Lasse Hjelle leia valet for valnemda. Rolv Olav og dei to i styret som var på val har stilt seg til disposisjon for laget, og alle tre fekk fornya tillit. Rolv Olav Gjørven held fram som leiar og har med seg same aktive gjengen som i fjor Hans Olav Nesheim (attval), Ingvild Berge, Aamund Berge og Asbjørn Fure (attval).

F.v Gry Ingvild Agjeld, Rolf Olav Gjørven, Hans Olav Nesheim, Aamund Berge, Ingvild Berge og Asbjørn Fure.

Gry Ingvild Agjeld var så heldig å få vera med frå fylkesstyret, og orienterte frå arbeidet til Vestland Bondelag og Norges Bondelag. Stikkord: uro i verda, matproduksjon og beredskap, jordbruksforhandlingar, Gryttenutvalet og arbeidet vidare med høyringa på NOU 2022:14, Inntektsløft for bonden.

Etter innlegget kom det innspel frå årsmøtet på at det må gjerast noko med den alvorlege situasjonen for nye bønder i næringa som har investert mykje, ei stor bekymring for at dei som har rigga seg for framtida står igjen som taparar. Det vart løfta eit forslag om eit lausdriftstilskot som kan premiere dei som har tatt samfunnsansvar og bygd om til lausdrift. Det var og etterlyst større engasjement frå Bondelaget for dei som slit økonomisk og står i ein vanskeleg situasjon med kostnader som aukar mykje meir enn det ein har klart å løfte inntekta. Får vi noko ut av Gryttenrapporten eller blir alt dette arbeidet meiningslaust? Eit anna innspel var at det bør arbeidast med eit eige tilskot til markedshager, og ønskje om at Vestland Bondelag speler inn dette til jordbruksforhandlingane. Det var og innspel om at Bondelaget lokalt bør vera tett på planarbeidet kring ny Strynefjellstunnell og ringverknader for grunneigarar og beitebrukarar. Tilkomsten til Grasdalen og Skjæringsdalen må sikrast.

Dette varr det første årsmøtet etter at Stryn Bondelag og Oppstryn Bondelag slo seg saman til Oppstryn Bondelag. Ei slik historisk hending vart feira med nydeleg fårikål med blautkake til dessert.