PÅ SAMLING: Ein flott bukett nye lokallagsleiarar. 

 

Det var ein engasjert gjeng som deltok på samlinga for nye lokallagsleiarar i Bergen. Målet var å fortelje litt om kva oppgåver som er knytt til leiarvervet, og kva mogelegheiter som ligg der. I tillegg var det fokus på sosiale media, og kva kanalar lokallaga kan nytte der om dei vil.

 

Fagleg påfyll

LEIAR I VESTLAND BONDELAG: Anders Felde.

 

Dei frammøtte fekk også høyre på fylkesleiar Anders Felde. Han prata om politikk, og oppmoda lokallagsleiarane til å vere flinke til å ta kontakt med politikarane i kommunane sine. 

I tillegg tok 1.nestleiar i Norges Bondelag, Egil Hoen, ordet. Han kom mellom anna med gode tips, og delte erfaringar frå sitt lokallag.

Det var ei kjekk stund, og vi avslutta med å ynskje alle dei frammøtte lukke til med jobben som ventar.