Vellukka samling for nye lokallagsleiarar
Før leiarmøtet til Vestland Bondelag i Bergen, fekk nye lokallagsleiarar tilbod om å delta på ei samling. Målet var å informere om oppgåver knytta til leiarvervet.
PÅ SAMLING: Ein flott bukett nye lokallagsleiarar.
Det var ein engasjert gjeng som deltok på samlinga for nye lokallagsleiarar i Bergen. Målet var å fortelje litt om kva oppgåver som er knytt til leiarvervet, og kva mogelegheiter som ligg der. I tillegg var det fokus på sosiale media, og kva kanalar lokallaga kan nytte der om dei vil.
Fagleg påfyll
LEIAR I VESTLAND BONDELAG: Anders Felde.
Dei frammøtte fekk også høyre på fylkesleiar Anders Felde. Han prata om politikk, og oppmoda lokallagsleiarane til å vere flinke til å ta kontakt med politikarane i kommunane sine.
I tillegg tok 1.nestleiar i Norges Bondelag, Egil Hoen, ordet. Han kom mellom anna med gode tips, og delte erfaringar frå sitt lokallag.
Det var ei kjekk stund, og vi avslutta med å ynskje alle dei frammøtte lukke til med jobben som ventar.