Utvalsleiar Ola Honningdal Grytten, fylkesleiar i Vestland Bondelag Anders Felde og 1. nestleiar i Norges Bondelag Egil Chr. Hoen innleia. 

Grytten gjekk gjennom hovudinnhaldet i NOU 2022:14; Ekspertutvalet for inntektsmåling i jordbruket,  på ein god og kunnskapsbyggande måte.  

Hoen var tydeleg på at uavhengig av innhaldet i "Gryttenutvalet"; NOU 2022:14 arbeider Norges Bondelag for å få vedteke ein forpliktande opptrappingsplan og få stadfesta inntektsmålet om inntekt for alle bønder på nivå med lønsmottakaren, i Stortinget før komande jordbruksoppgjer.   

Fylkesleiar Felde orienterte om fylkeslaget sine drøftingar så langt.  

Her finn du mange artiklar om arbeidet med å få til eit inntektsløft

Hovudspørsmål i høyringsrunda av NOU 2022:14

  • Synspunkt ved normering av effektivitet?'
  • Bør Norges Bondelag gå inn for å bruke den føreslegen hybridmodellen?
    • Vurder alternativ
  • Synspunkt på avkastningskrav på eigenkapitalen?
  • Synspunkt på timetal i eit årsverk og kva lønsmottakarar skal landbruket samanlikne seg med?

Fylkeslaga arbeider med sine innspel til Norges Bondelag i desse dagar.   Høyringsfristen som Norges Bondelag har til departementet er 16. januar 2023

 

Glimt frå debatten i leiarmøtet på tema inntekt

"Gryttenutvalet" har synleggjort at Vestlandsbonden tener omlag 100.000 mindre enn gjennomsnittet. F.v. Ola H. Grytte og t.h. Fylkesleiar Anders Felde

F.v. Ola Honningdal Grytten, Anders Felde og Egil Chr. Hoen