Det årlege kurset for samarbeidande rekneskapskontor er godt i gang. Kurset vert holdt av Norges Bondelag og arrangerast ekslusivt for tilsette i rekneskapskontor som har samarbeid med Norges Bondelag. Skattekurset har som målsetting å gje ei brei gjennomgang av relevante skatte- og avgiftsfaglege nyheter slik at regnskapsførere er faglig oppdatert til det komande årsoppgjeret.

I år var det Nordfjord og hotell Alexandra sin tur til å få tilreisande frå heile Vestlandet. Forelesarar på skattekurset er i år Line Tronstad og Mari Gjølstad frå avdeling for regnskap og juridisk service (RJS) i Norges Bondelag.

Innhaldet i skattekurset baserar seg på endringar som har funne stad og som ein forventar at kjem. Skattekovsendringar vert grundig gjennomgått, i tillegg til mellom anna bil i næring, meirverdiavgift, kåravtalar, jordbruksfrådaget og sambuarar på gardsbruk. 

Foredragshaldar Mari Gjølstad

Foredragshaldar Line Tronstad

Bokføring

I forkant av skattekurset pleie Norges Bondelag i samarbeid med Økonomiforbundet å arrangere ein temadag som er eit ope kurs. I år var temaet bokføring, som forelesar Morten Thorkildsen frå Simployer AS losa 47 deltakarar trygt igjennom.

Kurstema var

  • Dokumentasjon av kontantsal - Praktisk gjnnomgang av korleis kontantsalg skal dokumenterast i ulike verksemder og situasjonar, med eksempel.
  • Reglar for uttak av varer og tjenestar - Sette fokus på uttaksreglane, kven som er omfatta og korleis ein bokfører dette korrekt
  • Oppbevaringsreglar for regnskapsmateriale
  • Avstemming og dokumentasjon av balansen, med fokus på dokumentasjon - Praktiske måtar å dokumentere balansen på, samt oversikt over kva krav regelverket stiller.
  • Nyheter på bokføringsområdet - Merksemd på nyhende knytt til bokføringsregelverket og kva dette betyr for dei bokføringspliktige.

Forelesar Morten Thorkildsen frå Simployer AS 

God deltakelse på Bokføringskurset