Digital samling for valnemndene i lokallaga
Måndag 12. september og torsdag 15. september vil Nils Magne Gjengedal frå fylkesstyret ha ei innføring i lokalt valnemndsarbeid for lokallaga. Det er lov for alle i styret å delta.
Måndag 12. september og torsdag 15. september vil Nils Magne Gjengedal frå fylkesstyret ha ei innføring i lokalt valnemndsarbeid for lokallaga. Det er lov for alle i styret å delta.
- Eg er klar for å gjere ein god jobb i 2 nye år i Grøntutvalet i Norges Bondelag, seier styremedlem i Vestland Bondelag Kari Sigrun Lysne
Søndag 28.august vart Open Gard arrangert hjå Andre Nordal og Lone. Folk strøymde til, og let veldig vel over arrangementet. Sjå glimt frå dagen her.
KlimaVest med samarbeidspartar inviterer til hotellsamling på Scandic Sunnfjord i Førde 23.-24.
Eid Bondelag arrangerte Open gard i samarbeid med Eventyrstallen på Stårheim søndag 28. august.
12. - 13. september arrangerer Norske Lakseelver seminar om naturrestaurering i Sunnfjord.
Søndag 21.august deltok Naustdal Bondelag på Sanden-Søndag. Der sto dei på stand, og prata med folk. Sjå bilder frå dagen her.
- VI forventar at regjeringa, saman med faglaga, løyser to hovudutfordringar for eggnæringa i løpet av kort tid gjennom å innføre etableringshinder/etableringsstopp og utvida verktøykassa for marknadsregulering, slik at dagens produksjon blir redusert, skriv fylkesleiarane Anders Felde i Vestland Bondelag og Konrad Kongshaug i Møre og Romsdal Bondelag i eit lesarinnlegg denne veka.
Laurdag 20.august arrangerte Omvikdalen Bondelag Open Gard hjå Revuro Samdrift DA. Sjå glimt frå arrangementet her.
- Eg forventar at alle kommunar som no har fått løyve til kvotefri jakt på hjortekalv, gjer denne jakta tilgjengeleg for alle jaktrettshavarane i kommunen, seier fylkesleiar Anders Felde.
- Det er svært gledeleg at starten for lisensjakta på jerv er framskunda frå 10. september til 20. august, seier medlem i fylkesstyret i Vestland Bondelag Gry Ingvild Agjeld
Gardsbruk med store avlingstap grunna klima kan søkje om tilskot ved produksjonssvikt. Søknadsfristen er 31. oktober. Les meir på nettsida til Statsforvaltaren.
Landbrukets Økoløft skal inspirere bønder til å produsere økologisk mat og jobbe for at det vert større utval og forbruk av norske økologiske varer i butikkane. I Vestland har vi tre inspirasjonbønder knytt til prosjektet.
Skjema for strømstøtte for jordbruksforetak, veksthus og vanningslag er nå lagt ut hos Landbruksdirektoratet. For å motta strømstøtte for perioden april 2022 til og med juni 2022, må søknadsskjema sendes innen 30.september.
Svært mykje regn i sommar gjer at fristen for spreiing av husdyrgjødsel for tilskot gjennom regionalt miljøprogram (RMP) vert utsett til 25. august.
Egil Chr Hoen, første nestleiar i Norges Bondelag, besøkte nyleg Hardanger og Morellfestivalen. Fylkeslaget og lokallaget hadde laga eit tett program med mange gardsbesøk.
Vestland Landbruksselskap søkjer etter klimakoordinator i 80-100 % stilling. Koordinatoren skal leie Klima Vest-prosjektet og får kontorstad hos Vestland Bondelag i Førde eller i Bergen.