Risløv er glad for at laget har fått ein med ungdommeleg pågangsmot i leiarstolen.  Sætre med sine 27 år er mellom dei yngste leiarane i lokallaga i Vestland.    Risløv er sjølv ingen gamal mann, men etter å ha hatt ulike verv i styret til Vik Bondelag sidan 2013, mellom anna tre år som leiar,  tykkjer han det er greit å sleppe nye til i styret.   

 

Økonomi i fokus

Med ei relativt ung forsamling med framtidsbønder til stades fekk den økonomiske situasjonen i næringa stort fokus.  Det var ytra sterk uro for kostnadsutviklinga i næringa.  - Vi kan ikkje kaste "blår i auga" på nye bønder som vil satse, vart sagt i møtet.   Planar for investering må vere realistiske og det må gje ein økonomi som gjer at ein ikkje må vekse og springe mykje raskare for å få økonomien til å gå i hop.    Det var semje om at jordbruksoppgjeret for 2022 er eit bra oppgjer, men ein er framleis uroa for at kostnadsveksten et opp gevinsten.   Det er avgjerande for framtida å styrke økonomien innan husdyrproduksjonen og særleg for dei aktive bøndene som skal produsere maten vår no og inn i framtida. 

Styret etter årsmøtet

  • Leiar: Kristian Sætre
  • Nestleiar: Målfrid Heggernes
  • Sekretær: Eivind Lidal
  • Kasserar: Per Olav Langeland Tistel
  • Styremedlem: Turid Haga Vange
  • Styremedlem: Frode Voll

Jo Risløv t.v. sender stafettpinnen vidare til Kristian Sætre som er ny leiar i Vik Bondelag.