Lokallaget hadde lagt årsmøtet til den gamle formannsskapssalen i Jondal.  Jondal er no ein del av Ullensvang kommune.  Jondal Bondelag er eit av fylkeslaget sine mindre lag med 37 medlemer.   

Kjersti Hjelmeland melder attende om eit godt årsmøte i Jondal.  Det var gode diskusjonar kring Gryttenutvalet sin rapport , og korleis den kan kome landbruket til gode i åra framover, sjølv med regjeringsskifte.  Kvar skal bøndene forventa å få inntekta si frå.  Er det mogleg å ta ut meir pris i markedet?  Det var også ei tydelege meiningsutveksling kring dagens kvoteordning.  Altfor mykje pengar forsvinn ut av næringa.

 

OPEN GARD 

Det var ei tydeleg Kjersti Hjelmeland som motiverte årsmøtet til å setje Open Gard på arbeidsplanen.   - Det er mange flotte og gode løer som er fine å visa fram, sa ei engasjert Kjersti.   Jondal Bondelag skal og prøva å få til eit samarbeid med barnehagen om norsk mat "prosjekt " samt inviterar skulen ut på gardsbesøk!

Frå årsmøtet i Jondal Bondelag

 

Styret held fram

  • Leiar:  Knut B. Flatabø
  • Nestleiar: Helge Arne Espeland
  • Styremedlemer: Hans Olav Flatebø Gausvik, Brynjar Joakimsen og Hans Sigvart Galtung

Triveleg kveld

Kjersti Hjelmeland konkluderer med å ha hatt ein flott og kjekk kveld med gode diskusjonar saman med medlemene i Jondal.