18 av 72 medlemmar møtte opp når Nordsia Bondelag innkalte til årsmøte i Fjellvarden. Med fire innleiarar på ulike fagtema, quiz og spekemat på menyen var det klart for eit innhaldsrikt møte. Knut Erik Ulvedal orienterte om ny 22 kW-linje på Nordsida, god og nyttig informasjon om korleis dette skal foregå og kva grunneigarane skal forvente. Vibeke Rand fortalte om arbeidet med ny kommunedelplan for Nordsia, og korleis utviklingslaget involverer seg og vil arbeide vidare med dette. Leiaren sjølv, Per Erik Ulvdal hadde eit innlegg om alle kontrollane i landbruket, og korleis det er å leve med det. Gry Ingvild Agjeld var med frå Fylkesstyret og orienterte om arbeidet i Vestland Bondelag, Grytten utvalet, jorbruksforhandlingane -22 og -23, og matproduksjon i ei uroleg verd var tema.

 

Etter innleiinga gjekk diskusjonen godt. Bør vi gjera noko med at frekvensen på kontrollane og tilsyna i landbruket varierer så mykje etter kva produksjon du driv med. Per Erik Ulvedal la fram ei liste over alle kontrollane på hans gard i løpet av 2022, 8 kontrollar og tilsyn om ein teller med stort og smått. Med gris og med mjølkeku blir det mykje til saman. Og no blir det KSL-revisjon i tillegg på slutten av året, den er eg jo godt budd til, alt er sjekka minst to gonger. Dyra ser litt rart på meg, når eg kjem åleine i fjøset, sa Per Erik litt på skjemt, men med ein alvorleg undertone.

Nordsia Bondelag har lagt bak seg eit aktivt år med tre bondecafear, kurs og godt samarbeid med dei andre lokallaga i kommunen. Årsmøtet i fjor var felles med Oppstryn og Stryn på Nordsia. Stryn og Oppstryn bondelag vart invitert til felles bondecafè med tema kraftfôr med innleiing frå FK, Norgesfôr og Fiskå.  Kjersti Hjelmeland frå fylkesstyret innleia via nett på bondecafè om jordbruksforhandlingane, og det var felles samling med alle bondelaga i Stryn der årets vekstsesong var tema, med quiz, tacoservering og bar. Det vart arrangert kurs i varme arbeid i samarbeid med NLR. Det vart gjennomført innsamling av plast og metall i samarbeid med fellesstyret for bondelaga i Stryn og Tenden Container og gjenvinning. I tillegg til at leiaren har delteke på Leiarmøte og Årsmøte i Vestland Bondelag, har han delteke på alle digitale møter med styret i Vestland Bondelag og alle styremøta for fellesstyret for bondelaga i Stryn.

Som innspel til arbeidsplanen vart det fremja eit forslag om bondekafe med tema KSL, korleis bygger vi opp eit godt system på eigen gard. Forslag om å invitere KSL-revisor frå Norsk Mat og HMS (KSL)-rådgjevar frå NLR til å innleie på møtet. Det er ønskje om eit traktorkurs for damer. Det er og ønskje om at Norsida Bondelag skal mase på Telenor om å få på plass mobildekning i Blaksettunnellen.

I tillegg til eit gyldent glas med lokal honning fekk fylkesstyrerepresentanten fekk med seg bodskapen om at det er for mange kontrollar i landbruket med attende til fylkesstyret. Det er og viktig at KSL lukkast med å bli mindre omfattande med færre spørsmål og færre ikkje-relevante spørsmål.

Attval på styret

Valnemda var leia av Rolf Magne Hellevang og etter innstillinga som vart lagt fram på årsmøtet fekk Per Erik Ulvdal fornya tillit som leiar, med seg i styret får han som i fjor Kjell Ove Bergset, Oddvar Bergset, Jon Rune Heimlid og Ivar Bergset. Varabenken er fylt opp med Henning Lykkebø, Liv Olaug Flore og Edvard Tvinnereim. Ny i valnemda er Marianne Roset.

Dei tre karane som var tilstades frå styret i Nordsia Bondelag f.v. Oddvar Bergset, Per Erik Ulvedal og Jon Rune Heimlid diska opp med heimelaga kvelds med spekemat og godt tilbehør. Med ein utfordrande quiz attåt maten var det god stemning og god drøs rundt langborda i Fjellvarden. 

Nok ein flott og lærerik kveld å vere tillitsvald i fylkesstyret skriv Gry Ingvild Agjeld som representerte fylkesstyret i møtet.