Ynskjer du å bidra til å synleggjgere landbruket på ein positiv måte? Mange born og ungdomar har ikkje lenger ei tilknytning til landbruket og har liten kunnskap om det som foregår på ein gard. Aktivitetar som gardbesøk eller skulehagar kan vere ein viktig kanal å formidle den viktige jobben bonden gjer. På nettsida dengronneskolen.no finn ein materiell og mange gode idear til aktivitetar, der mange av desse er knytt opp mot læreplanen i skuleverket.Sida har ein temabank retta mot lærarane i skulen.                  

Det er blitt laga mykje fint materiell som kan nyttast for å synleggjere det norske landbruket på ein positiv måte. I nettbutikken til bondelaget kan dette materiellet bestillast gratis! Denne samlesida om skule og utdanning er òg nyttig. 

Den grøne skulen - ulike hefter

Den grøne skulen i hefteform passar for born i barnehagen eller småskulen. Skulen eller lokallaget kan bestille gratis frå nettbutikken til bondelaget. Hefta finst med forskjellige dyr og vekstar. Dyrehefta er oppdatert per august 2022 og hefta om vekstane blir oppdatert fortløpande. Det er òg mogleg å laste hefta ned som pdf frå nettbutikken på begge målformene.

Landbruksspelet

Dette er eit digitalt kunnskapsspel der elevane kan prøve seg som bonde og ta ulike val knytt til drifta. Spelet kan nyttast både på ungdomsskulen og på vidaregåande. Landbruksspelet lærar elevane om norsk matproduksjon og gårdsdrift. Dei vert ufordra på fagkunnskap, kritisk og heiltheitleg tankegang, prioriteringar, produktivitet og lønnsemd. For meir informasjon, ta kontakt med administrasjonen. 

Grøn framtid – berekraftig matproduksjon

Heftet gir ei innføring i landbruk og matproduksjon, bonden, husdyra våre, dyrevelferd, klima og matproduksjon, berekraft og utdanningsval. Heftet dekker kompetansemål i læreplanen i naturfag, samfunnsfag, mat og helse. Heftet kan fungere som undervisningsmateriell og i forbindelse med prosjekt eller fordjupningsoppgåver. Målgruppa er 8.-10. klasse men fungerar fint for alle som eit kortfatta hefte om norsk landbruk. Heftet er laga av Landbrukets rekrutteringsprosjekt 2021 og finst på begge målformene. Finst som pdf eller kan bestillast frå nettbutikken.

Grønn utdanning 

Vi veit at mange unge brenn for natur, miljø, klima, mat, dyrevelferd og berekraft. I denne veiledaren har det blitt samla informasjon om grøne studiar knytt til dyr, plantar, mat, skog og teknologi. Heftet er delt inn i utdanningsløp frå vidaregåande, fagskule, folkehøgskule og høgare utdanning. Laga av rekrutteringsprosjektet i Trøndelag 2021. Finst som bladbar versjon, pdf eller du kan bestille den i nettbutikken.

 

 

Kontaktperson: Birgitte Sunde Bjaanes