Samarbeid gjev aktivitet

-Vi prøver å tenkje litt nytt om kven vi kan samarbeide med om ulike aktivitetar seier Helena Elvetun ( t.v.på biletet) som held fram som leiar i Granvin Bondelag.
Sist å¨r har Granvin Bondelag mellom anna samarbeiodd med skyttarlaget om gjennomføring av skyteprøver. Det vart vellukka og freistar til igjentaking. Lokallaget i Granvin kunne vise til stor aktivitet gjennom året. Nokon aktivitetar på eigen kjøl og nokon i samarbeid med dei andre laga i Voss.
Granvin er eit middels stort lag med kring 55 medlemer. Bøndene i bygda har tradisjonar for å samarbeide om maskiner, men korte ideelle "arbeidsvindauge" gjer det vanskeleg å vere mange om ei maskin. Å samarbeide to og to er gjerne nok slik vertilhøva er.
Frå årsmøtet i Granvin Bondelag
Mange planar for 2023
Av nye aktivitetar på arbeidsplanen for 2023 står eit eige motorsagkurs for kvinner og jenter. _ Da trur me skal verte skikkeleg bra, held Elvatun fram.
Styret i Granvin Bondelag 2022/2023
- Leiar er Helena Elvatun
- Nestleiar er Lars Ingvald Folkedal
- Kasserar: Lars Even Brekke
- Sekretær er Lars Terje Haugen
- Studieleiar er David Inge Tveito
Det kan verke som Lars er eit mykje brukt namn i traktene kring Voss :)
Karane i styret flankert av f.v. leiar Helena Elvatun og heilt til høgre styremedlem i Vestland Bondelag Ole Bjarne Hovland.