Hovland deltok sist veke på eit arbeidsmøte hos Vestlandsforsking der det vart sett fokus på kva utfordringar husdyrbonden i Sogn har og kan få dersom forsyningslinene vert brotne slik at bonden ikkje får tak i innsatsfaktorar til drifta. 

Vestland Bondelag sin deltakar; Ole Bjarne Hovland,  testar "selfie" og smiler fint nede i venstre hjørne. Nærast sit småbrukarlaget sin representant i møtet; Eli Berge Ness og ved bordenden ser vi forskar Marta Kaoline Jansen, leiande seniorforskar Carlo Aall og seniorforskar Eivind Brendehaug. alle tilsett i Vestlandsforsking.

- Det vart mange spanande diskusjonar mellom jordbrukssjefar, Norsk Landbruksrådgjeving sin representant, bønder, oss i faglaga og dei ansvarlege for forskingsprosjektet i Vestlandsforsking.

- Me var innom mange faktorar som til dømes gjødsel, energi, maskiner, færre bønder, meir leigejord, innleigd arbeidskraft, drenering, tørt og vått, seier Hovland.  Alle desse faktorane spelar inn for at me kan produsera mat eller for at me brått står i fare for redusert produksjon eller i verste fall ikkje å kunne produsere noko i det heile.  Skremande og interessanne drøftingar samstundes.   Kva kan Sognebonden gjere for å tilpasse seg til eit endra klima for å kunne redusere risikoen?

Vestlandsforsking vil setje saman innspela i møtet til eit notat som skal drøftast i eit nytt møte i mars 2023.  Der vert det søkt å kome fram til moglege løysingar på nokon av problemstillingane som deltakarane var innom i møtet sist veke.  Til sist kjem ein rapport i forskingsprosjekt Transadapt som og tek føre seg andre næringar.

 

Om du lurer på kvifor bileta er litt skoddete, så er fotografen sauebonde og i ein hektisk kvardag med mange timar i fjøsen med vèren på slep,  vert linsa ikkje av det blanke slaget :)