Andreas Wiese, geitebonde frå Luster og styremedlem i Vestland Bondelag ønska 37 nye bønder velkommen til Ny Bonde-samlinga i Sogndal 18.-19.november. Programmet for dei to dagane var med mange ulike fokusområde og ulik kunnskap. I år differansierte vi på kjøtt/melk og frukt/bær/grønt. Det vart ei sosial og kjekk samling med ulike programpostar. 

Andreas Wiese leia samlinga i Sogndal

Bodil Fjelltveit, andre nestleiar i Norges Bondelag snakka om kvifor ho hadde valgt å sei ja til å ta på seg tillitsverv i Bondelaget, gjennom innlegget "Eg vil ha ei hand på rattet". No vil ho oppfordre fleire til å sei ja dersom dei får spørsmålet. Verdien av å gjere noko for samfunnet er stor, men det er også mykje kjekt ho har fått delta på.

Bodil Fjelltveit og neste generasjon bønder. (Foto: Atle Roset, Felleskjøpet)

Det vart ein fin sofaprat mellom Olav Høyheim Einan (Årets unge bonde 2018), Stig Ove Ølmheim (fruktbonde) og Sofie Høybakk  (Årets unge bonde 2021). Samtalen dreia seg om deira tankar både før dei vart bønder og no etter at dei er blitt bønder. Å snakke med andre og ta til seg lærdom var nok alle fokuserte på, men du må sjølv ta valet ut frå interesser og ressursar som du har. Deretter vart det gruppearbeid om same tema. 

Frå venstre Olav H. Einan, Andreas Wiese, Sofie Høybakk og Stig Ove Ølmheim

 KSL, klimaarbeid og anna papirarbeid - Er det berre til heft, eller er det nyttig óg? Dette prøvde Tom Roterud å svare på i sitt innlegg. Om du sjølv skal sette deg inn i lover og forskrifter om det å vere matprodusent er det over 1.000 sider du må forhalde deg til. I KSL er allle desse sidene komprimer og det viktige er tatt ut slik at jobben er overkommeleg var eit viktig hovudbodskap frå Roterud. 

Tom Roterud tok oss igjennom KSL 

Oddvar Vignes tok oss igjennom to viktige tema denne dagen. Dette var "Det viktige om å snakke om følelsar" og "Seniorane og deg". Hans bodskap var at det er viktig å snakke med andre. Dette kan vere med på å gjere kvardagen lettare. Du kan f.eks. snakke med vener, den du bur saman med , med naboar og seniorane på garden. Han tipsa også om at det kan vere lurt å bli einige om nokon reglar når ein ny generasjon tek øve garden. Desse reglane kan fort endre seg alt etter livssituasjonen for dei som tek øve. Det viktigaste er å prøve å snakke i lag om det. 

Oddvar Vignes i godt humør, trass eit litt alvorleg tema

Dag 1 vart avslutta med cidersmaking godt gjennomført av Gard Eitungjerde Høyvik frå Ciderhuset i Balestrand. Deltakarane fekk smake på mange ulike typar cider.

Gard Eitungjerde Høyvik frå Ciderhuset

Dag to starta med at gruppa delte seg for å reise på gardsbesøk. Flesteparten av deltakarane besøkte mjølk og kjøt-produsent, Per Idar Rygg. For familien Rygg er det framleis uklart korleis dei tenkjer  å gjennomføre generasjonsskiftet. Dei delte ein del av dess tankane med dei besøkande.

Gardsbesøk hos familien Rygg (Foto: Atle Roset, Felleskjøpet)

Ei mindre gruppe deltakarar besøkte fruktgarden til Sigrid Ølmheim og Endre Kleiveland. Kleiveland fortalde om garden og delte ivrig si erfaring med å vere fruktbonde. Han demonstrerte korleis arbeidet med frukthaustinga har blitt forenkla med ein hausteplattform som han eig saman med to andre gardsbruk. 

                                                                      

Hausteplattformen som vi fekk ein tur med under besøket

Demonstrasjon av jordprøve

Fortsettinga var også delt ut frå interesseområde. Harald Blaaflat Mundal (Sogn Frukt og Grønt) innformerte om nye kulturar og vekstmogelegheit innan frukt og grønt. Her orienterteom dei gode mogelegheitene som er innan dyrking av matvekster.

 

   

 Harald Blaaflat Mundal med fokus på frukt og grønt                                

Paralellt prøvde Jo Helge Sunde seg på å sjå inn i «glaskula».. Sunde orienterte om satsinga på kjøt og mjølkeproduksjon i Vestland

Jo Helge Sunde prøvde å sjå inn i "glaskula".

Siste post i programmet var temaet «Kvar kan eg søke gode råd?» Andreas Wiese orienterte om alle Bonden sine organisasjonar og råsgjevarapparat. Oppfordringa var et kunnskap er det mogeleg å hente om du ynskjer det.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Tine, Felleskjøpet, Gartnerhallen, Nortura, Landkreditt og Vestland Bondelag. Vi ser allereie fram mot nest års arrangement!

Neste generasjon bønder. F.v. Tina Skagen Samnøy med Rakel Skagen Samnøy (4 mnd), Stine Sønnesyn med Silje B. Sønnesyn (3 mnd) og Tea Øydvin med Ingeborg Rygg (10 mnd).

Alle deltakarane samla