Jørgen er ung og driv med mjølkeproduksjon i Angedalen.  Han måtte overtalast i årsmøtet til å ta på seg vervet, men når han først har sagt ja kan det lett gå bra held Grøneng fram.  Ho held fram som nestleiar i styret.  

Korleis skape engasjement

Det vart i møtet i Førde stilt spørsmål ved korleis vi som lokalt Bondelag skal klare å skape engasjement og entusiasme for organisasjonsarbeidet mellom dei yngre bøndene.   Til liks med andre organisasjonar opplever også bondelaget sviktande engasjement mellom dei yngre medlemene.  Det vil vere viktig at styret i lokallaget tek tak i dette komande arbeidsår og prøver å finne fram til aktivitetar som engasjerer ungdommen.  - Vi må finne ein arena der ungdommen er vart mellom anna sagt i møtet. 

Økonomien må sikrast

Modellar og måleparameter skal vere eit verkty i arbeidet med å styrke økonomien i næringa.  Det hjelp ikkje å legge ned mykje arbeid i tekniske løysingar og modellar dersom konsekvensen for distriktslandbruket er at ein ikkje opplever inntektsvekst.   Det vart sagt i møtet at å skilje vederlag til eigenkapital og arbeid ikkje vil vere like enkelt på alle bruk.  Røynda er ikkje like lett å plassere i ein modell.   Til sjuande og sist er det røynda som avgjer vegvalet til den einskilde.    For oss i distrikta er det også avgjerande at geografi og driftsvilkår vert teke omsyn til i styrkinga av dei økonomiske verkemidlane.  

Tillitsvalde "veks ikkje på tre"

Det var knytt stor spaning til kven valnemnda ved leiar Per Ravndal ville føreslå som ny leiar etter Karin A. Øverli Grøneng som ikkje tok attval etter 5 år som leiar.   Valnemnda hadde gjort ein grundig jobb, men det var vanskeleg å få nokon til å ta på seg vervet.  Etter fleire ordskifte kunne eit nøgd årsmøte einast om at Jørgen Naustdal tek på seg leiarvervet.   Drøftingane kring valet var gode, og ein lukkast også med å få inn eitt nytt styremedlem medan Karin A. Øverli Grøneng held fram som nestleiar i laget.   - Godt organisasjonsarbeid kan fylkeslaget sin utsende Ole Bjarne Hovland konkludere med.