Nyhende frå Vestland Bondelag

Ny Bybonde søkast

Bybonden Ida har gjort ein kjempeinnsats med å få folk til å dyrke sin eigen mat og få litt større forståing for landbruk og matforsyning. No skal ho bli bonde på eigen gard, difor vert stillinga som Bybonde i Bergen ledig

Fagkveld om klima på Fitjar

Rundt 60 bønder kom på fagkveld med tittelen "Klimabonden" i Fitjar kulturhus denne veka. Arrangørane bak var lokallaga i Fitjar og Stord kommune saman med Sau og Geit og Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor.

Inviterer til webinar på tema private vegar

Private vegar kan vere ein kime til konflikt, men er også viktig for utvikling. Vestland Bondelag inviterer til kort webinar på tema tysdag den 1. mars klokka 10:00-11:00 på TEAMS.

Påmelding til årsmøtet er opna

Vestland Bondelag skal ha sitt første fysiske årsmøte 9.-10. mars på Hotel Ullensvang. Vi gler oss!

Klimaprat på Teams

Det har ikkje vore lett å få til fysiske møte i det siste, difor vart det to digitale klima-samlingar på Teams. Bøndene som deltok fekk tips til klimatiltak, og hadde gode spørsmål til klimarådgjevarane.

Semje om ny straumavtale

- Dette er godt nytt for landbruket og ei viktig ordning for ei pressa næring, særskild for områda sør for Sognefjorden der straumprisane er og har vore skyhøge, seier fylkesleiar Anders Felde i ein kommentar til semja mellom SV og Regjeringa om straumstøtte til landbruket.

Korleis redusere kostnaden i mjølkeproduksjonen?

- Vi har ingen mjølkeproduksjon i Norge, utan ein aktiv landbrukspolitikk, skriv Anders Felde i ein kronikk i Bondebladet sist veke. I kronikken løftar han opp fleire problemstillingar knytt til rammeverket kring norsk mjølkeproduksjon til batt.

Klima- og miljøprisen for landbruket

Fylkeskommunen har i samarbeid med Statsforvaltaren etablert ein klima– og miljøpris for landbruket i Vestland. Prisen vert delt ut for første gong i 2022, og er på 30 000 kr

Åse Hogrenning nye leiar i Loen Bondelag

Møtet i lokallaget skulle vore gjennomført før jul, men av ulike årsaker vart det utsett til siste dagen i januar. I dette årsmøtet fekk Loen Bondelag ny leiar. Med sine 25 år er truleg Åse Katrin Hogrenning den yngste leiaren nokon gong i lokallaget.

Fylkesutvalet har ambisjonar for inntektsnivået i landbruket

- Det er bra og naudsynt at fylkesutvalet i Vestland i sitt innspel før årets jordbruksoppgjer fokuserer på ei sterk styrking av økonomien i landbruket, seier fylkeslear Anders Felde i ein kommentar til fylkesutvalet sitt vedtak.

Set hjort og viltforvaltning på dagsorden

Saman med Norsk Hjortesenter, Jeger og Fisk i Sogn og Fjordane inviterer Vestland Bondelag til 3 webinar med mange dyktige innleiarar på ulike tema innan viltforvaltning.

Ein pris og fleire nominasjonar til Vestland

Alde sider vann "årets sider" i Det Norske Måltid i går. Kari Sigrun Lysne frå fylkesstyret vårt var ein av tre finalistar til "årets grønne", med aprikos frå Lærdal.

Usikker framtid for mjølkeproduksjonen i Vestland

Ein rapport frå NIBIO syner at 19% av mjølkebøndene i Vestland vil gje seg i 2024, og totalt 43% vil slutte i 2034. Dramatisk seier Anders Felde, leiar i Vestland Bondelag.

Les mer om de svært gode medlemsfordelene hos våre samarbeidspartnere