Heile 26 medlemer hadde funne vegen til Kjølsdalen Grendahus sist veke for å delta på årsmøtet i lokallaget.  Kvelden starta med eit imponerande koldtbord som gav den gode stemninga og den inspirerande praten kring borda.

Kan ikkje bli anna enn god stemning av slik kveldsmat

Lokallaget kan syne til ein gode aktivitetar med nytte for medlemene.  Mellom anna arrangerer laget mange faglege kurs, fagkveldar og sosiale kveldar for medlemene.  Vi kan nemne at dei har sett beredskap ved brann på dagsorden.  Dei har utarbeidd ein eigen varslingsplan og ressursoversikt for bygda.  Dei har hatt kurs i motorosag, arrangert skogkveld og planlegg kurs i varme arbeid. I 2023 vert laget 75 år noko som dei ynskjer å feire på ein god måte

Oppmoda bondelaget til å  arbeide for fleire utbyggjingar av småkraft

Fylkeslaget vart utfordra til å be Norges Bondelag jobbe fr fleire utbyggingar av småkraft.  Småkraft kan tryggje beredskapen i ei uroleg verd.  Det er bra med straumaggregat, men dei treng diesel/bensin og det er ikkje sjølvsagt å få tak i. 

 

Kristian Aardal held fram som leiar

Styret i Kjølsdalen Bondelag f.v. Martin Gilleshammer, Kristian Aardal (leiar), Stig Arne Bugjerde, Jørn Kåre Sundal og Frode Kjøllesdal