Mattryggleik er ein menneskerett, sa Bardalen innleiingsvis til møtet  Alle land har rett og plikt til å produsere mat på sine land- og havområde til befolkninga.  Mattryggleik er svaret på eit berekraftig matsystem.  Berekraft handlar om heilskapen!   Mattryggleik er samstundes grunnmuren i eit stabilt og berekraftig samfunn.  Når mattryggleiken sviktar kan det føre til uro og krig.

Deltakarane i leiarmøtet lytta til Arne Bardalen si innleiing

  

Globalt oppleverer vi  større matutryggleik.  Samstundes har vi ein situasjon i Norge der 60 % av matenergien vår har passert riksgrensa og 50 % av nordisk matkonsum er utanfor Norden sine grenser.  Det gjer oss sårbare. 

- Vi ser også at mat og energi er våpen i geopolitsike konfliktar.  Sagt med andre ord; vi kan ikkje utelukke at det verste skjer, sa Bardalen. 

Førebu oss på det uføresette

Risikoanalyse og kriseberedskap i Norge har ikkje teke høgde for det uføresette.  Å balansere berekraft, arealbruk og klima i krisetider er meir krevjande.   Konsentrert kornproduksjon, konflikt og klimasjokk er ein farleg kombinasjon.  

Sjømat frå akvakultur og fiskeri er utsett for klimarisisko.  92% av fiskeforet er importert og 80 % er vegetabilsk. Kriser utviklar seg i eit høgt tempo.  - Vi kan aldri ta mattryggleiken vekk frå å stå på topp i agendaen til eit kvart land, sa ein tydeleg Bardalen.   Risikoanalyser for mattryggleik må ha både kort og langsikstig perspektiv.  Vi treng matsystem som toler påkjenningar og kan gjenopprettast. 

Mattryggleik vert påverka av:

  • Kor mykje vi klarar å produsere på dei areala vi allereie har teke i bruk og på kva måte vi sikrar jordhelsa.
  • Berekraftig bruk av areal der jordvernpolitikken er langsiktig og har klare mål for omdisponering av dyrkbar jord. 
  • Internasjonal handel.  Handel er bra dersom nokon vil selje................
  • I kva grad vi klarar å ta i bruk areal som er ute av drift
  • Dyrking er eit tiltak om vi må, men det er ikkje det første verkemiddelet vi skal ta i bruk.

Ingen berekraft utan mattryggleik - Ingen mattryggleik utan jordvern - Jorda må brukast der den er

ISaman med fleire andre forfattarar har Bardalen denne hausten kome med ein rapport som er ei kunnskapsgrunnlag for vurdering av klimarisiko i verdikjeder med matsystemet som case: Rapport Klimaendring utfordrer det norske matsystemet